Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Nynorske gladmeldingar 2005

Nynorske gladmeldingar 2005

(19.12.05) Gladmeldingar frå leiaren i Evje og Hornnes Mållag

Her kan du lasta ned bilete av tillitsvalde og tilsette i Mållaga på Agder.

Av Ålaug Rosseland, Evje og Hornnes Mållag Ålaug Rosseland

Til neste år er Noregs mållag 100 år. Det skal bli feiring både lokalt og nasjonalt.

Kva som kjem til å skje på Agder er ikkje bestemt ennå. Men ein dato kan vere verdt å sette av i kalenderen. 28.-30. april. er det landsmøtehelg i Oslo og mållaga blir oppmoda om å stille med alle medlemmene og familiar. Det skal vere eit uvanleg landsmøte med gallaframsyning på Det norske teatret 28. og festmiddag 29. Meir om programmet vil vere å finne på www.nm.no

På Evje og Hornnes sin kulturkveld 29.11. var første gladmeldinga å få presentert eit variert utval av lokal kunstnarleg aktivitet blant barn og unge i kommunen. Det var nydelige små ballettdansarar, tøffe gitaristar, og gnistrande gode pianistar frå kulturskulen og kreative filmkunstnarar frå Hornnes barneskule.

Sigurd Verdal frå Audnedal heldt eit humørfylt innlegg om meir ukjente sider ved politisk liv på Stortinget.

Andre gladmeldingar som det bare vart dryssa ut litt av på møtet:
- Kampanjen 2005, Slepp nynorsken til, hadde 36.000 underskrifter då den vart avslutta 27. oktober. Evje og Hornnes var best i Aust-Agder. Me greidde 295. Du kan lese meir på www.nm.no
- Setesdal har fått målungdomslag att. Setesdal målungdom vart stifta i haust, på Hornnes vgs.
- Setesdalmat har skifta over til nynorsk i marknadsføring.
- Bygland fjordhotell vil få heimesida si oversetta til nynorsk

- Målrørsla arbeidde fram respekten for dialektane på 70-talet:
P3-programleiarane Are og Odin har fått målungdommens dialektpris.
Idolartist Jorunn frå Vennesla har fått dialektpris frå mållaga på Agder.

- Landet har ein skog av nynorskforfattarar:
”Ny Ibsen” og ”ny Bjørnson” skriv begge nynorsk; Jon Fosse og Edvard Hoem.
Riksmålsbastionen Nasjonaltreateret i Oslo spelar nynorsk når Jon Fosse står på plakaten.
Nynorsk opera hadde premiere på Agder Teater i fjor; Den grøne riddaren.

- Nynorsk startside på internett; startsida (startsiden).
- Pengar over statsbudsjettet for neste år til nynorsk kunnskapsbase / nettleksikon.

I året som har gått, har Evje og Hornnes mållag fått 3 nye medlemmer. Me gler oss over kvart nytt medlem og ønskjer oss mange, mange nye.

Stor takk til medlemmer og styremedlemmene som har gjort satsinga i Evje og Hornnes dette året mulig.

Ålaug Rosseland

Kontakt Mållaga på Agder ved:
Leiar i Vest-Agder Mållag Aslak T. Fjermedal på 37 96 17 07 og afjarm@c2i.no
Leiar i Aust-Agder Mållag Astrid Myhre på 39 16 92 68
Reiseskrivar Trond Sæbø Skarpeteig på 9005 8182 og trond@nm.no
Informasjonskonsulent Judith Litlehamar på 97 67 44 59 og judith5583@gmail.com

Her kan du lasta ned bilete av tillitsvalde og tilsette i Mållaga på Agder.