Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Kva inneber det at bispen må nytta nynorsk?

Kva inneber det at bispen må nytta nynorsk?

(13.01.05) Saka om tenestemål i Agder og Telemark bispedømme (namneskifte 01.01.05) botnar rett og slett i at bispedømma er å rekne som regionale statsorgan. Slike regionale statsorgan skal nytte noko som heiter tenestemål. Tenestemålet er fleirtalsmålforma i tenestekrinsen, altså bokmål eller nynorsk. Dersom over halvparten av kommunane i krinsen er språkleg nøytrale, finst ikkje noko fleirtalsmålform. Dette er regulert av § 7 i mållova. Tenestemål blir altså ikkje fastsett etter adminstrative pålegg frå Kultur- og kyrkjedepartementet og Språkrådet, men følgjer direkte av reglane i lov og forskrifter.

I Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder er det i alt 48 kommunar, og av desse er 23 kommunar såkalla språkleg nøytrale. Dette er under halvparten. Av dei 25 kommunane som har gjort vedtak om å krevje ei fast målform i skriv frå staten, jf. mållova § 5 første ledd, er det 14 som har valt nynorsk og 11 bokmål. Fleirtalsmålforma er altså utan tvil nynorsk.

Det er likevel svært viktig å nemne at regelen om tenestemål berre gjeld den administrative delen av verksemda (§ 2 andre ledd) til bispedømmet. Mållova regulerer ikkje om liturgien eller gudstenestespråket skal vere på bokmål eller nynorsk. Kva målform dei ulike sokna brukar i liturgien, har heller ikkje konsekvensar for tenestemålet. Så lenge Den norske kyrkja er statleg, er det mållova som gjeld for administrasjonen av denne, sjølv om eit mindretal av kyrkjelydane har nynorsk som liturgispråk. Liturgispråk blir avgjort ved røystingar i kyrkjelyden, og dette er altså ikkje regulert av mållova. Det er vel oftast samsvar mellom liturgispråk og skulemål i krinsen. Konfirmasjonsundervisning og dåpsopplæring skjer vel då helst på det som er skulemålet og gudstenestespråket i kommunen. Meir informasjon om dette får de ved å ringje til Den norske kyrkja på telefon 23 08 12 00.

Konkrete konsekvensar for bispedømma:

1 Generell informasjon
Tenestemålet skal nyttast i rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som bispekontoret lagar. Dette gjeld også informasjon på nettsidene. Bispekontoret skal også nytte tenestemålet i skriv til andre statsorgan.

2 Skriv til fellesråda, prostia, sokna eller prestegjelda.
Bispedømma må bruke tenestemålet i mindre regionale eller lokale statsorgan når dei vender seg til dei. Konkret tyder det at Agder og Telemark bispedømme skal nytte bokmål i skriv til Kristiansand, Arendal, Vest-Nedenes, Lister og Mandal prosti, medan kontoret må nytte nynorsk i skriv til Otredal, Vest-Telemark og Nedre Telemark prosti. Dei andre prostia er språkleg nøytrale, så her kan bispedømmet veksle mellom målformene.

3 Svarbrev til enkeltpersonar
Bispedømma skal svare enkeltpersonar i den målforma som er nytta i det innkomne skrivet.

4 Skjema og faste formular
Skjema og faste formular som gjeld enkeltpersonar skal finnast og vere tilgjengelege på begge målformer.