Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Ny leiar i Aust-Agder Mållag

Ny leiar i Aust-Agder Mållag

Astrid Myhre, leiar i Aust-Agder Mållag. Elles i Aust-Agder-styret sit no Eystein Greibrokk, Olav Skeie, Anne Lise Heiberg og Kåre Seland.

(13.03.05) Astrid Myhre frå Vegårshei vart valt til leiar i Aust-Agder Mållag i helga. Aust- og Vest-Agder Mållag hadde årsmøta sine på Høgskulen i Agder laurdag 12. mars.

Aslak T. Fjermedal vart attvalt som leiar i Vest-Agder Mållag. Anne Austad, Ove Håland, Ålaug Rosseland og Svein Arne Myhren sit også i styret for Vest-Agder.