Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Målblome til Setesdalmat

Målblome til Setesdalmat!

(01.11.05) SETESDØLEN: Aslak T. Fjermedal med heider til Setesdal Mat.

Ikkje før har Idol-Jorun fått dialektpris, så er leiaren i Vest-Agder Mållag på farten igjen. Laurdagskvelden var Aslak T. Fjermedal på Evjemoen og "Oktoberfest" for å overrekke Setesdal Mat målblome og diplom. Verksemda får dette for å ha gått over frå bokmål til nynorsk i marknadsføringa.

(29.10.05) Laurdag 29. oktober hadde Setesdalmat oktoberfest med ein heil elg på menyen. På festen gav Mållaga på Agder Setesdalmat ein målblome fordi dei har vedteke at dei vil gå over frå bokmål til nynorsk.

Setesdalmat

Aslak Fjermedal i Mållaga på Agder overrekte diplom og ein målblome på festen, og understreka at Setesdalmat no viser at det å nytta nynorsk er uproblematisk, ja kanskje til og med ein fordel for verksemda. Setesdalmat har gjort eit val som er viktig for bygdene våre, sa han.

Mållagsleiaren framheva vidare at bygdene våre må satsa på det lokale og det særeigne. - Det har Setesdalmat gjort i matvegen, sa Fjermedal. Språket er heilt sentral her. Setesdal og Indre Agder bør mellom anna dyrka det språklege og kulturelle særpreget. Slik kan ein styrka identiteten til dei som bur her og gje dei som ikkje bur her eit positivt bilete av regionen, konkluderte Fjermedal.

Kontakt Mållaga på Agder ved:
Leiar Aslak T. Fjermedal på 37 96 17 07, afjarm@c2i.no
Reiseskrivar Trond Sæbø Skarpeteig på 9005 8182, trond@nm.no
Informasjonskonsulent Judith Litlehamar på 97674459, judith5583@gmail.com

Her kan du lasta ned bilete av tillitsvalde og tilsette i Mållaga på Agder.