Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Opning av www.vallemal.no

Opning av www.vallemal.no

Valle Mållag hadde i samband med kulturveka i Valle offisiell opning av ei ny internettside som heiter "Talemålet i Valle og Hylestad". Adressa er www.vallemal.no. Opninga fann stad i Valle kommunehus.

Målsetjinga med internettsida er at mest mogeleg informasjon om dette særmerkte talemålet skal verte lett tilgjengeleg, og dermed bidra til at målet vert bruka i komande generasjonar.

Me vonar også at internettsida vert av stor interesse for fagfolk innan språk. Alt arbeid er utført på dugnad.

Den nyutvikla internettsida inneheld til no 4800 oppslagsord. 800 av desse er komplett utfylte med alle detaljar. Programmet inneheld ein innleiande del med m.a. bakgrunnsstoff om ordklassane.

Orda har fått sitt eige detaljbilete. Her er informasjon om ordklasse, alle bøyingsformer, forklåring og døme på bruk i setning. Detaljbiletet har lydfil slik at ein får høyre uttalen. Mange av orda har i tillegg eit fotografi eller skisse.

NØGDE: Svein Jore, Sigurd Brokke, Bjørgulv G. Holen og Knut K. Homme er særs nøgde med opninga av www.vallemal.no

Valle Mållag
v/ Sigurd Brokke
4748 RYSSTAD
Tlf: 37 93 61 96
Mob: 48 22 27 65
Arb: 99 54 30 79
s-brokke@online.no

NØGDE: Svein Jore, Sigurd Brokke, Bjørgulv G. Holen og Knut K. Homme er særs nøgde med opninga av www.vallemal.no