|
pressemeldingar / Brei støtte til sidemålet!
Nynorsk i valkampen på Agder: Brei støtte til sidemålet!
(01.09.05) Mållaga på Agder ser med glede at dei fleste førstekandidatane i Vest-og Aust-Agder støttar obligatorisk opplæring og vurdering i skriftleg sidemål. Leiar Aslak T. Fjermedal meiner dette er gledeleg.
- Obligatorisk sidemålsundervisning er ein føresetnad for ei reell jamstelling mellom nynorsk og bokmål, seier Fjermedal.
Han legg også vekt på dei vanskane ein vil få i samfunnet dersom det obligatoriske sidemålet forsvinn.
- Utan vil det t.d. verta vanskeleg å få tilsett folk med gode nok språkkunnskapar i nynorskkommunar , eller på offentlege kontor som skal yta sørvis til både nynorsk- og bokmålsbrukarar, fortel leiaren i Mållaga på Agder.
- Men sidemålsundervisninga gjev også kvar og ein fridom til å velja kva for eit skriftspråk han vil bruka seinare i livet. Fleire nynorske forfattarar lærte nynorsk som sidemål, mellom anna Carl Frode Tiller, årets debutant i 2001.
Mållaga på Agder ynskjer å vite kva dei ulike partia på Agder står for i målsaka. Me meiner det er viktig at du som veljar får vite kva førstekandidatane til stortingsvalet meiner i sentrale nynorsk-spørsmål. Her er svara deira!
1. Vil du støtte obligatorisk oppplæring og vurdering i skriftleg sidemål slik ho er i dag, og vil du støtte forsøk med å betre den obligatoriske sidemålsundervisninga i komande stortingsperiode?
2. Vil du presisere retten til å gå i eiga gruppe med avvikande hovudmål i grunnskulen?
3. Vil du gå inn for tiltak som sikrar at opplæringslova vert følgt og at nynorsk- og bokmålsbøkene kjem til same tid og same pris?
RV
Knut Henning Thygesen, Aust-Agder:
1. Ja
2. Ja
3. Ja
Katharina Høivold, Vest-Agder:
1. Ja
2. Ja
3. Ja
SV
Jens Jacob Aasbø, Aust-Agder:
1. Ja
2. Ja
3. Ja
Torbjørn Urfjell, Vest-Agder:
1. Ja
2. Ja
3. Ja
AP
Freddy de Ruiter, Aust-Agder:
1. Ja. Men personleg kunne eg nok ynskt meg noko meir valfridom.
2. Ja
3. Ja
Rolf Terje Klungland, Vest-Agder:
1. Ja
2. Ja
3. Ja
SP
Knut A. Austad, Aust-Agder:
1. Ja
2. Ja
3. Ja
Jon Grindland, Vest-Agder:
1. Eit ubetinga ja til den første delen av spørsmålet. Noko meir usikker når det gjeld kva eventuelle forsøk det vil bli snakk om .
2. Ja
3. Ja
V
Jan Kløvstad, Aust-Agder:
1. Ja
2. Ja
3. Ja
Anne Margrethe Larsen, Vest-Agder:
1. Ja
2. Ja
3. Ja
Krf
Åse Gunhild Woie Duesund, Aust-Agder:
1. Ja
2. Ja
3. Ja
Jon Lilletun, Vest-Agder:
1. Ja
2. Ja
3. Ja
H
Jan Olav Olsen
1. Eg står på det som vart vedteke i Stortinget i samband med behandlinga av St. m 30 ( 2003/2004) Der er det fleire avsnitt som behandlar sidemålet.
2. Ja. Denne retten er viktig og skal framleis eksistera.
3. Ja. I samband med nye læreplanar er det viktig å få bøker på begge målføre slik som forutsett i lova. Lovverket i seg sjølv burde vera sterkt nok tiltak til dette. Det nyetablerte senteret i Volda bør vera eit middel for å få dette bedre til.
Peter S. Gitmark, Vest-Agder:
1. Nei. Eg ynskjer valfritt sidemål.
2. Ja
3. Nei
Frp
Torbjørn Andersen, Aust-Agder:
1. Nei. Grunnlaget for desse svara er at eg ynskjer valfridom og at eg vil fjerne det obligatoriske sidemålet.
2. Ja
3. Ja.
Henning Skumsvoll, Vest-Agder
1. Neppe. Eg vil i utganspunktet kun ha eit skriftspråk.
2. Neppe
3. Neppe
For meir informasjon, kontakt Aslak T. Fjermedal, leiar i Mållaga på Agder på telefon 37 96 17 07 / afjarm@c2i.net eller prosjektleiar Trond Sæbø Skarpeteig på 90 05 81 82 / trond@nm.no.
|