Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Konsulent

Konsulent

(14.10.05) Mållaga på Agder arbeider for dialektane og for at folk i bygd og by skal velje å ta i bruk det nynorske skriftmålet. Mållaga på Agder arbeider for å fremje nynorsk på alle område i det norske samfunnet.

Mållaga på Agder har i 2002-7 eit prosjekt med ein tilsett reiseskrivar som prosjektleiar for å styrka grunnorganisasjonen. Me har no oppretta ei prosjektstilling i 50 % som konsulent frå og med 1. desember 2005 til og med 31. desember 2006.

Arbeidsstad: Kontorplass hjå Mållaget i Kristiansand, men må pårekna ein del reising, mest i agderfylka. Arbeidsgjevar: Noregs Mållag. Arbeidsoppgåver: Konsulenten skal i samarbeid med fylkeslaga og reiseskrivaren ta initiativ til aktivitetar i organisasjonen, og arbeida for auka nynorskbruk i barnehagar, heile skuleverket, høgskule, næringsliv og i det offentlege. Kvalifikasjonar: Søkjar må ha variert og solid røynsle med organisasjonsarbeid eller arbeid i skulen, evne til å arbeida sjølvstendig, gode samarbeidsevner og stor arbeidskapasitet og vera initiativrik. Relevant høgare utdanning, gjerne med nordisk i fagkrinsen, og kjennskap til skuleverket er ein føresetnad. God skriftleg og muntleg framstillingsevne. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Løn: Stillinga vert lønna som konsulent, med eit lønsspenn frå lst. 30 til 41. Søkjar bør ha førarkort, men dette er ikkje eit krav. Reisegodgjersle etter avtale.

Ny søknadsfrist: 1. november 2005

For meir informasjon, kontakt Aslak T. Fjermedal, leiar i Mållaga på Agder på telefon 37 96 17 07 / afjarm@c2i.net eller prosjektleiar Trond Sæbø Skarpeteig på 90 05 81 82 / trond@nm.no.