Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Nynorsken er i vinden

Nynorsken er i vinden

(01.05.06) Hundreårsfeiringa sto i sentrum då Noregs Mållag i helga samla seg til landsmøte under mottoet "mange røyster - felles mål".

bilettekstBILETTEKST: Aslak T. Fjermedal, leiar i Vest-Agder Mållag.

Av Judith Sørhus Litlehamar, Mållaga på Agder.

- Året som er gått, har vore jubileumsåret, mediekampanjeåret og medvindsåret, sa konstituert leiar Nils Ulvund i sin opningstale til landsmøtet.

Også leiar i Vest-Agder Mållag og Mållaga på Agder, Aslak T. Fjermedal er optimistisk med tanke på framtida.

- Eg trur nynorsken vil overleve, men det er opp til oss sjølve, seier Fjermedal og legg vekt på at utfordringane vert mange.

I tillegg til hundreårsfeiringa var "Slepp nynorsken til-kampanjen" noko av det viktigaste for Noregs Mållag i året som gjekk.
- Mediekampanjeåret var det året då 36 000 skreiv under på ei positiv oppmoding om å sleppe til nynorsk i VG og Dagbladet. Me opplevde at mange bokmålsbrukarar, til og med fleire som ikkje har noko godt tilhøve til nynorsk, skreiv under, fortel Ulvund.

Aslak Fjermedal ser også ringverknadane denne kampanjen fekk og påpeikar samstundes at ein gjerne skulle sett meir nynorsk, også i Fædrelandsvennen.
- Fædrelandsvennen må ta ansvar som ein stor og viktig språkaktør, poengterer Aslak T Fjermedal.

bilettekstBILETTEKST: Anne Austad og Olav Molland frå Mållaget i Kristiansand.

Val av strategi
Landsmøtet la også opp til eit ordskifte om framtidige strategival. Professor i samanliknande politikk Frank Aarebrot var invitert for å setje søkjeljoset på organisasjonen sine utfordringar for framtida. Han kom til ei engasjert forsamling med foredraget: " "Mållaget i 100 år - ein kulturell opprører - politisk taper? Her kom Aarebrot med ei sterk oppmoding til landsmøtet om å rope høgare og bli ein meir pågåande organisasjon.

Garanterte for nynorsken
Direktør i utdanningsdirektoratet, Petter Skarheim vart teken godt i mot på årets landsmøte. Direktoratet satsar no for å følgja opp politiske vedtak om å styrka nynorsken. Ikkje minst har ein fått eit forum for nynorsk der ein har invitert samarbeidspartnerar for å bidra til å styrka nynorsken i undervisninga. Skarheim peika på at det er viktigaste vert å arbeide med lærerane sine haldningar til nynorsk.

Olav Molland frå Kristiansand Mållag støtta opp om Skarheim sin tale og understreka kor viktig skulen er i målsaka.
- Ikkje minst er det viktig med nynorskundervisning i byskulane, seier Molland og viser til at dei også i Kristiansand har fokus på dette. Me har arbeida lenge med dette og håpar me skal vinne fram med minst ein nynorskklasse i Kristiansand.

bilettekstBILETTEKST: Kledde til landsmøtefest: Anne Austad (Kristiansand) og Eystein Greibrokk (Bygland).
FOTO: Judith Sørhus Litlehamar.

bilettekstBILETTEKST: Anne Austad (Kristiansand) og avtroppande reiseskrivar for Mållaga på Agder, Trond Sæbø Skarpeteig.
FOTO: Judith Sørhus Litlehamar.

bilettekstBILETTEKST: Kledde til landsmøtefest: Eystein Greibrokk (Bygland) og Olaug Hommelsgård (Vegårshei).
FOTO: Judith Sørhus Litlehamar.

bilettekstBILETTEKST: Sterkt lag frå Vegårshei: Olaug Hommeslgård, Ragnhild Espeland og Astrid Myhre (som også er leiar i Aust-Agder Mållag).
FOTO: Judith Sørhus Litlehamar.

bilettekstBILETTEKST: Hege Myklebust (36) frå Stord vart vald til ny leiar i Noregs Mållag. Ho vart vald med jubel og applaus frå utsendingane på jubileumslandsmøtet i Oslo i helga.

– Det viktigaste no blir å få nynorsken inn i skulen alt på barnesteget, dette vil gje både betre kunnskapar i og haldningar til nynorsk, seier Hege Myklebust, nyvald leiar i Noregs Mållag.

Ho er oppteken av å styrke nynorsken både i skulen og i resten av samfunnet.

– Hundreårsjubileet skal me bruke til å få fram at nynorsken har ein sjølvsagd plass i Noreg, og framleis vil ha det dei neste 100 åra, seier Hege Myklebust.

Hege Myklebust arbeider som høgskulelektor ved Høgskolen Stord/Haugesund, og har brei politisk erfaring frå målrørsla. Ho har vore dagleg leiar i både Norsk Målungdom og Noregs Mållag, og var styremedlem i Noregs Mållag frå 1998 til 2000. Ho var generalsekretær i Nei til EU frå 1998 til 2001.

Ny nestleiar er Åsmund Lien (58) frå Os i Hordaland. Han arbeider på kulturkontoret i Os kommune. Han har tidlegare vore leiar i Kringkastingsringen.

Ny styremedlem er Morten Søberg (37). Han kjem frå Trondheim og har doktorgrad i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Oslo. Han arbeider som politisk rådgjevar for parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa. Berit Rekve (Oslo) vart attvald for to nye år. Unn Røyneland (Oslo) og Nils Ulvund (Ålvundfjord) stod ikkje på val. Varafolk er Olav Skare frå Tromsø, Anne Marit Godal frå Oslo, Anne Elise Winterhus frå Stavanger og Sæbjørn Forberg frå Skjåk.
FOTO: Hege Lothe, Noregs Mållag.

Kontakt Mållaga på Agder ved:
Leiar i Vest-Agder Mållag Aslak T. Fjermedal på 37 96 17 07 og afjarm@c2i.net
Leiar i Aust-Agder Mållag Astrid Myhre på 39 16 92 68
Konsulent Borghild Løver på 97 06 44 85 og borghild.lover@nm.no
Informasjonskonsulent Judith Sørhus Litlehamar på 97 67 44 59 og judith5583@gmail.com