Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Nynorsktap i Kvinesdal

Nynorsktap i Kvinesdal

(16.02.06) Fleirtalet røysta bokmål ved Austerdalen skule i Kvinesdal i dag.

Det var røysting om skulemålet ved Austerdalen skule i dag, 16. februar. Etter at alle røystesetlar er talde opp i kveld, er resultatet 67% bokmål og 33% nynorsk. 34,5 prosent oppmøte, om lag 170 personar. Det er om lag 500 som har røysterett i krinsen.

Nestleiar i Kvinesdal Mållag, Are Jerdal, er skuffa over resultatet. Han meiner dei som har røysta bokmål har gjort borna ei bjørneteneste. Alle må jo læra både språka, seier Jerdal, og no får dei læra nynorsken seinare og blir kanskje ikkje like trygge som om dei hadde fått nynorsk frå byrjinga.

Kontakt Mållaga på Agder ved:
Leiar i Vest-Agder Mållag Aslak T. Fjermedal på 37 96 17 07 og afjarm@c2i.net
Leiar i Aust-Agder Mållag Astrid Myhre på 39 16 92 68
Reiseskrivar Trond Sæbø Skarpeteig på 9005 8182 og trond@nm.no
Konsulent Borghild Løver på 97 06 44 85 og borghild.lover@nm.no
Informasjonskonsulent Judith Sørhus Litlehamar på 97 67 44 59 og judith5583@gmail.com

Her kan du lasta ned bilete av tillitsvalde og tilsette i Mållaga på Agder.