Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Setesdalsforlaget vil ha nynorsk-manus

Setesdalsforlaget vil ha nynorsk-manus

(21.02.06) I høve det store mållagsjubileet vil Setesdalsforlaget ha inn fleire manus på nynorsk med tanke på at det skal bli nye barne- og ungdomsbøker, skriv Setesdølen 7. februar.

Kontakt Ånund K. Homme.

Eit flott program for 100-årsjubilanten Noregs Mållag

(21.02.06) To minuttar over kl. 19 fredagskvelden 3. januar var Setesdølen i samtale med Hans Majestet Kong Harald, skriv Setesdølen 7. februar.

Eit flott program for 100-årsjubilanten Noregs Mållag i Det Norske Teatret var nettopp avslutta. Målfolket song "Mellom bakkar og berg utmed havet" så det ljoma utover hovudstaden, og kongen var på veg ut av teaterbygningen.

Det var då Setesdølen fekk høve til å spørje Kongen om han kan tenkje seg å halde nyårstalen på nynorsk i mållaget sitt jubileumsår.