Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Mållaga på Agder med lokal feiring

Mållaga på Agder med lokal feiring

(07.02.06) 4. februar 2006 vert Noregs Mållag 100 år - dette skal også feirast på Agder! I Oslo i dag, måndag 30. januar, presenterer Noregs Mållag planane for jubileet sitt. Lokal- og fylkeslaga på Agder bur seg til fest!

Trond Sæbø Skarpeteig

Mållag på offensiven
I dei hundre åra som har gått har Mållaga på Agder oftast kjempa for retten til å vera nynorskbrukar. I dag er det annleis, for folk oppfattar tospråkssituasjonen som det normale. No arbeidet Mållaga på Agder for ein praktisk språkpolitikk som gjer at me kan ta vare på både nynorsk og bokmål på Agder, seier reiseskrivar Trond Sæbø Skarpeteig. Mållaga på Agder arbeider for (1) Ein fleirspråkleg skule med meir nynorsk der bokmålselevane byrjar med sidemål tidlegare og har nynorsk i mange andre fag enn norsk. (2) Eit fleirspråkleg offentleg rom. Media og næringslivet må snart innsjå at dei gamaldagse forboda mot nynorsk kanskje hindrar dei i å nå alle kundar, oppmodar Sæbø Skarpeteig.

Mållaga på Agder inviterer serleg ungdomsskule- og vidaregåandeelevar til å bli med på Noregs Mållag si nasjonale skrivetevling og skriva ein stil om ”språket mitt”. Vinnaren blir kåra på dei nynorske festspela i juni!, smiler Trond Sæbø Skarpeteig. Meir informasjon om dette finn de på www.startsida.no.

Kontakt Mållaga på Agder ved:
Leiar i Vest-Agder Mållag Aslak T. Fjermedal på 37 96 17 07 og afjarm@c2i.net
Leiar i Aust-Agder Mållag Astrid Myhre på 39 16 92 68
Reiseskrivar Trond Sæbø Skarpeteig på 9005 8182 og trond@nm.no
Konsulent Borghild Løver på 97 06 44 85 og borghild.lover@nm.no
Informasjonskonsulent Judith Sørhus Litlehamar på 97 67 44 59 og judith5583@gmail.com

Her kan du lasta ned bilete av tillitsvalde og tilsette i Mållaga på Agder.