Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Noregs Mållag i gang med feiringa

Noregs Mållag i gang med feiringa

(07.02.06) Noregs Mållag er 100 år nettopp i dag, skriv Sigurd Haugsgjerd i Setesdølen 3. februar. Det blir markert med jubileumsmottaking i hovudstaden med Kongen og Kronprinsen til stades i Det Norske Teatret i ettermiddag. Også på Agder skal jubileumsåret markerast. I går kveld var ein av våre fremste nolevande forfattarar, Kjartan Fløgstad, gjest på Valle kommune sin kulturkveld.

Frå Setesdølen fredag 3. februar 2006

Setesdal har vore ein av målrørsla sine bastionar på Agder gjennom desse hundre åra. Bygland var endåtil fyrste kommunen i landet som tok i bruk nynorsk i skulen. Det skjedde 12 år før Noregs Mållag vart skipa.

Mållagsjubileet fell mest saman med markeringa for unionsoppløysinga. Det fortel at målrørsla også var ein del av nasjonsbygginga den gongen. Sjølvstendekampen fekk også språkpolitiske konsekvensar og landsdelen vår låg altså ikkje i bakleksa. Folk som Jørgen Løvland frå Evje, Lars Liestøl frå Bygland og Aasulv Bryggeså frå Eiken kom alle til å spele ei rolle i arbeider for landsmålet eller det som etter kvart fekk nemninga nynorsk, skriv Haugsgjerd.

Historia til Mållaga på Agder
Egde- og Telelaget heitte forgjengaren til dei to fylkeslaga på Agder i tillegg til Telemark Mållag. Laget vart skipa i 1899. Det var tanken at laget først skulle omfatta dei tre fylka Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder. Det sistnemnde fylket kom ikkje skikkeleg med og Aust-Agder var heile tida den sterkaste parten i dette samlaget. Egde og Telelaget helt fram til 1907. På målmøte i Gjerstad den 31. august blei laget delt, og Aust-Agder Mållag vart skipa. .

I 1915 er Aust-Agder Mållag registrert med 11 lokallag, medan Vest-Agder enno ikkje har fått eigen fylkeslekk. Lokallaga der var beinveges innmelde i Noregs Mållag.

Vest-Agder Mållag vart skipa i samband med eit målstemne i Vennesla 10. august 1919. Målarbeidet skaut fart utetter i 20-åra, og det nyskipa fylkeslaget lyt få mykje av æra for det. I 1920 talde lagsflokken heile 950 medlemer og 14 einskildlag. Dei største laga var Marnar, Kristiansand, Audnedal og Flekkefjord. I 1929 fekk Noregs Mållag Agder Målkontor i drift i Kristiansand.

Marnar Mållag vart også skipa 4.februar 1906 og feirer 100 år saman med Noregs Mållag!