Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Belsvik hjå studentmållaget

Belsvik hjå studentmållaget

(07.05.06) Rune Belsvik seier at så lenge ein kjempar for det nynorske språket, vil det overleve.

AV JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR

- Mykje av det eg har skrive handlar om forventningar, sa Rune Belsvik då han las frå eigne bøker på språkfesten til Studentmållaget i Kristiansand (SmiK).

LITTERATUR: Rune Belsvik las frå eigne tekstar på språkfest hjå Studentmållaget i Kristiansand.
LITTERATUR: Rune Belsvik las frå eigne tekstar på språkfest hjå Studentmållaget i Kristiansand.

Rune Belsvik er nok mest kjend for å skrive nynorsk barnelitteratur.
- Talentet mitt ligg nok i barnelitteraturen, det er den lettaste vegen til skryt for meg, småler den kjende forfattaren.
- Byr det på problem å vera nynorskbrukande forfattar?
- Eg hadde nok hatt større marknad på bokmål, men for meg er det heilt naturleg å skrive nynorsk. Eg veit at folk har spurt etter bøkene mine i bokhandlerar i Kristiansand og fått svaret at dei ikkje har teke dei inn grunna nynorsk. Det er diskriminering av nynorsk litteratur. Heldigvis finst det bokhandlerar som ikkje berre tenkjer penger, men også kultur.
Nynorsk er inga kampsak for Belsvik, for han er det heilt naturleg å bruke språket sitt i den litteraturen han skriv.
- For meg er innhaldet det viktigaste i litteraturen. Men nynorsk er det mest naturlege for meg. Eg har omsett ein del bøker til bokmål, det vert liksom ikkje rett. Så lenge ein kjempar for det nynorske språket trur eg det vil overleve.

Må ikkje trø i graset
Rune Belsvik las frå eigne bøker om kvardagen sine utfordringar denne kvelden, mest av alt las han om forventningar.
- Ein god del av det eg har skrive handlar om forventningar, noko me har mykje av. Til dømes til jul eller for å møte den store kjærleiken. Våren er komen no, mange tykkjer det er godt, men mange av oss får prestasjonsangst, sa Belsvik til ei lattermild forsamling.
- Tenk på alt som skal gjerast med sommaren, alle rekene du skal ete, ikkje skal du trø i graset og ikkje skal du sove bort sumarnatta.

Rune Belsvik er godt kjend i den nynorske litteraturverda og har mellom anna motteke prisar som Kulturdepartementets litteraturpris, Brageprisen, Kritikarprisen og Nynorsk litteraturpris. Foredraget til Belsvik var ein del av språkfesten på Høgskolen i Agder som Studentmållaget i Kristiansand(SmiK) arrangerte. Elles på programmet sto språk-quiz med finurlege språkspørsmål og konsert med bandet Rammsund.

Kontakt Mållaga på Agder ved:
Leiar i Vest-Agder Mållag Aslak T. Fjermedal på 37 96 17 07 og afjarm@c2i.net
Leiar i Aust-Agder Mållag Astrid Myhre på 39 16 92 68
Konsulent Borghild Løver på 97 06 44 85 og borghild.lover@nm.no
Informasjonskonsulent Judith Sørhus Litlehamar på 97 67 44 59 og judith5583@gmail.com