Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Målreising i hundre år

Målreising i hundre år

(03.03.06) I år feirar me 100-årsdagen til den organiserte målrørsla. Noregs Mållag blei skipa den 5. februar 1906.

Av Martin Skjekkeland, professor ved Høgskulen i Agder

Med unionsoppløysinga 7. juni 1905 var striden for nasjonalt sjølvstyre ført til endes. For målreisinga verka unionsoppløysinga som ein forløysar og som inspirasjon til vidare arbeid. Målsaka hadde heilt frå Ivar Aasens dagar blitt sett på som ein viktig del av kampen for nasjonalt sjølvstende. I tillegg var målstriden ein kamp for sosial rettferd og folkeopplysning. Mange såg det slik at den nyvunne politiske fridommen i 1905 også kravde ei språkleg frigjering og opprør mot det rådande dansk-norske skriftmålet som makthavarane. Utanriksminister Jørgen Løvland var ein viktig ideolog for målrørsla i tida etter 1905. Han heldt mange foredrag om språksaka, og han drog samanlikningar mellom nasjonalt sjølvstende og målreising i andre europeiske land. Denne nasjonale optimismen blei grobotnen for stiftinga av Noregs Mållag i februar 1906.

For å nå fram med krava sine om større rettar for landsmålet i samfunnet, måtte målrørsla knyta band til eit politisk parti. Her blei det naturleg å satsa på Venstre, det partiet som hadde gått lengst i å støtta målkrava tidlegare. Dei nasjonale og demokratiske argumenta som målrørsla stod for, gjekk rett inn i Venstres ideologi. Ein hadde klart i minne at det var med statsminister Johan Sverdrups ivrige hjelp at landsmålet i 1885 hadde blitt prinsipielt sidestilt med dansk-norsken.

Noregs Mållag arbeidde for å styrka bruken av landsmål (nynorsk frå 1929) på alle samfunnsområde. Og målsaka arbeidde i medvind i tiåra framover. Skulekrins etter skulekrins gjekk over til å bruka landsmål i opplæringa.

I 1907 vedtok Stortinget at alle gymnasiastar skulle ha obligatorisk prøve i sidemålet. Elles må nemnast: Det Norske Teateret blei opna i Oslo i 1913, med dialektar og landsmål som scenespråk. Også i kyrkja vann landsmålet terreng. Salmane til Elias Blix blei mykje brukte. Det Nye Testamentet hadde blitt omsett til landsmål i 1899, og heile Bibelen på landsmål i 1921. Dette var ei viktig hending, for Bibelen var folkelesnad og allemannseige. I 1925 var også Nynorsk Salmebok ferdig. Det var hard strid om kyrkjemålet i mange bygder. For mange var dette like viktig som val av skulemål.

Utover i 1920- og 1930-åra blir Arbeidarpartiet ein maktfaktor i Stortinget. Dette partiet hadde ein påfallande mangel på interesse for språkspørsmålet. Svært få av Arbeidarpartiet sine representantar var rekrutterte frå landsmålsrørsla. Partiet var først og fremst eit byparti, og målrørsla blei sett på som ein bondeorganisajson. Med Halvdan Koht (1873-1965) kjem det inn noko nytt i arbeidarrørsla. Han understreka at språkspørsmålet var viktig for arbeidsfolk, ja, han sa det så sterkt som at “striden for folkemålet er kultursida av arbeidarreisinga”.

Framgangen for nynorsken på 1930-talet var med på å driva fram store og radikale endringar i 1938-reforma for bokmålet, med støtte frå Arbeidarpartiet. Det reiste seg eit politisk stormvêr mot samnorskformene (a-formene) som nå blei obligatoriske. Dette førte til ny framgang for nynorsk i folkeskulen. Meir enn 900 krinsar gjekk over til nynorsk på to år. Framgangen varte heilt fram heilt 1944, då 34,1 % av skulane her i landet hadde nynorsk som opplæringsmål.

Etter krigen var det mange som venta at den nasjonale ånda og den fornya forakta for fremmendt styre skulle føra til vidare framgang for nynorsken. Andre håpa på at samnorsktanken skulle få ein ny giv. Ingen av delane skjedde. I staden var tida etter krigen prega av motstanden mot både nynorsken og samnorskpolitikken. Den bitre språkstriden på 1950-talet (m.a. “foreldreaksjonen mot samnorsk”) blei ei stor belastning for Arbeiderpartiet. Sigurd Hoel sa i 1952 at “sprogsagen aldri har vært noe hjertebarn for Arbeiderpartiet”, og Einar Førde sa i 1981 at “Arbeiderpartifolk har gått på Chat Noir og Edderkoppen og ledd av arbeidarspråk, dialektar og nynorsk. Det viser kor kulturelt underlegne vi i grunnen har vore.”

Etterkrigstida var som kjent ei tid med økonomisk vekst og høgkonjunkturar. Industri og kapital blir for det meste sentralisert til byar og tettstader. Avfolkinga truga mange bygdesamfunn. I kulturlivet blei film og radio viktige, og teikneseriar og kulørt vekepresse blei folkelesnad. Desse endringane i samfunnet gav dårlege livsvilkår for nynorsken. Ved skulesentraliseringa måtte fleire krinsar byta opplæringsmål frå nynorsk til bokmål. Folk blei opptekne av materiell velstand, og språkspørsmålet kom i bakgrunnen. I 1970 hadde 17,9 %. av grunnskuleelevane her i landet nynorsk som opplæringsmål. I dag er prosenttalet på 14. Men sjølv om prosenttalet har gått ned, så har talet på elevar med nynorsk som opplæringsmål auka med 20 000 dei siste 30 åra. (Elevmassen totalt har auka her i landet.) I ”kjerneområdet” på Vestlandet, frå Rogaland til Sunnmøre, held nynorsken seg særleg godt både som skulemål og bruksmål i administrasjon og lokalpressa.

Den radikale tenkinga bak målrørsla, som eit uttrykk for ei sosial og kulturell frigjering, har kome i bakgrunnen. Rett nok prøvde ein del radikale språkfolk på 1970-talet å blåsa nytt liv i språksaka og arbeidet for nynorsken som ein “klassekamp”, jf. boka “Målstrid og klassekamp” (red. Geir Wiggen). I samband med EU-røystinga 1994 kom nynorsken som ein nasjonal kulturfaktor fram att i samfunnsdebatten. Også i dag er det mange som vil slutta seg til Ivar Aasens tankar om nynorsken som eit uttrykk for ei personleg, kulturell og sosial frigjering.

I samfunnet rundt oss er nynorsken stort sett godteken som eit viktig uttrykk for ein del av den norske kulturen. Ein har godtatt at me har to sidestilte skriftmål her i landet, og at dette kan sjåast som ein kulturell rikdom for nasjonen Noreg.

Noregs Mållag har i desse dagar feira 100-årsjubileet sitt, med stor glød og optimisme. Ein konstaterer at det i riksavisene er lite nynorsk Men generelt har bruken av nynorsk auka i samfunnet rundt oss, ikkje minst ved at TV 2 kom på banen med mange nynorskbrukarar. Næringslivet er ikkje lenger negativt til nynorsken. På den store jubileumsfeten i Det Norske Teatret fredag den 3. februar var kongen og kronprinsen til stades, saman med kulturstatsråd Trond Giske og andre framståande representantar frå dei kulturelle og politiske miljøa i Noreg. Stasråd Giske helsa frå Regjeringa og sa at me alle har eit ansvar for nynorsken si framtid. ”Gode krefter i samfunnet bør samle seg om å stå vakt om nynorsken spesielt og det norske språket generelt,” sa kulturministeren. Om framveksten av nynorsken uttrykte Giske seg slik: ”Det er vel ingen kulturinnsats det står større respekt av den som står imot de frie krefters spill, og tar kampen opp imot den kulturen som samfunnshegemoniet står for.”