Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / 8-mars-fest i Setesdal

8-mars-fest i Setesdal

(08.03.06) Høyr den mest lovande norske forfattaren under 30 år, Olaug Nilssen, og skribenten Gudrun Kløve Juuhl lesa eigne tekstar og intervjua kvarandre om kvinner, bygda og nynorsken. Birgit Attestog fortel om ungdom sine tankar om framtida i Setesdal.

Kveding ved Torhild Jåvold. Festleiar er Lisbeth Dalquist Homme. Enkel servering.

Onsdag 8. mars på Setesdalsmuseet i Valle kl.19.30

Tilskiparar: Valle Bygdekvinnelag, Hylestad Bygdekvinnelag, Valle Mållag og Mållaga på Agder.

Gudrun Kløve Juuhl (27) er frå Arna i Bergen, og studerer nordisk ved Universitetet i Oslo. Ho er kjent som ei uredd, radikal røyst i målrørsla. Ho har mellom anna skrive i Syn og Segn, Klassekampen og Mål og Makt.

Birgit Attestog er rektor ved Hornnes vgs, og har skrive hovudoppgåva «Jeg er setesdøl, jeg», der ho slår fast at setesdalsmålet er under avvikling.

Olaug Nilssen (28) er frå Solheimsdalen i Sunnfjord og debuterte som 20-åring med romanen «Innestengt i udyr». I 2002 kom romanen «Vi har så korte armar», våren 2005 essaysamlinga «Hybrideleg sjølvgransking», og hausten 2005 romanen «Få meg på, for faen». Nilssen er også aktuell som festtalar og festspeldiktar i samband med Noregs Mållag sitt 100-årsjubileum.

Kontakt Mållaga på Agder ved:
Leiar i Vest-Agder Mållag Aslak T. Fjermedal på 37 96 17 07 og afjarm@c2i.net
Leiar i Aust-Agder Mållag Astrid Myhre på 39 16 92 68
Reiseskrivar Trond Sæbø Skarpeteig på 9005 8182 og trond@nm.no
Konsulent Borghild Løver på 97 06 44 85 og borghild.lover@nm.no
Informasjonskonsulent Judith Sørhus Litlehamar på 97 67 44 59 og judith5583@gmail.com

Her kan du lasta ned bilete av tillitsvalde og tilsette i Mållaga på Agder.