Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Første markering nokongong skriv Fevennen

Første markering nokongong skriv Fevennen

(09.03.06) Markeringa av Kvinnedagen i Valle i går, var den første nokongong i bygda. Temaet var «Kvinner og nynorsk i Setesdal».

Av JOHS. BJØRKELI, FEDRELANDSVENNEN.

VALLE: Lisbeth Dalquist Homme leiar folkebiblioteket i Valle. Ho er styremedlem i både Valle Bygdekvinnelag og Valle Mållag, ho har budd i bygda i 32 år og veit mykje om det som skjer i Valle-kulturen. Difor må vi tru henne når ho i går fortalde ein fullsett matsal i Setesdalsmuseet at dette var første gongen at 8. mars vart offisielt feira i Valle.

Rett nok hadde det skjedd fleire gonger i privat regi. Ho mintest i 1975 då ho og nokre andre Valle-kvinner hadde eit slikt lokalt arrangement.

- Vi gjekk rundt stogebordet med plakatar og slagord som «Nei til 50-kilos kraftfôrsekkar» og «Ja til mannfolk på kjøkkenet», ler Dalquist Homme. Sjølv om 59-åringen hadde på seg raude strømpar i høve dagen, var ikkje temaet for kvinnekampen likestilling i går kveld, men «Kvinner og nynorsk i Setesdal».
- Eit merkeleg tema?
- Nei. Jenter har mykje lettare for å legge om målet enn gutar. Jentene knotar meir. Det veit eg frå mi eiga tid på gymnaset. Difor er det viktig at jentene tek vare på språket sitt, seier ho.
- Meiner du at ei Kristiansands-kvinne som flytter til Setesdal skal legge om til til dømes vallemål?
- Nei, men av respekt for bygda, må innflyttarene skrive på nynorsk. Det er bare å øve seg, å lese nynorske bøker, sa ho til dei frammøtte og til forfattar Olaug Nilssen, målkvinne Gudrun Kløve Juuhl og rektor og dialektforskar Birgit Attestog frå Bygland som skulle tale om nettopp det å vere nynorskbrukande kvinne i bygda.

Gudrun Kløve Juuhl (27) frå Arna i Bergen, skribent i mellom anna Syn og Segn, Klassekampen og Mål og Makt, hadde meiningar om det å vere frå landet og rømme til byen. Derfrå, der utdanningsinstitusjonar og jobbar var, drøymde dei seg attende til den vesle bygda dei kom i frå - men som dei aldri ville flytte attende til. Urbanistane derimot drøymde seg vekk til eit koseleg hus på landet - ein times køyring unna byen.

- Hadde Valle ligge ved kysten, så hadde eg kanskje budd der. Ut av Oslo skal eg i alle høve, lova ho.

bilettekstBILETTEKST: Olaug Nilsen les frå eigen tekst: "Personleg nynorskbrukande kvinne".

Olaug Nilssen frå Solheimsdalen i Sunnfjord, skribent i mellom anna Klassekampen og Bergen Tidende, med fem bøker bak seg, og festspeldiktar i samband med Noregs Mållag sitt 100-årsjubileum, las frå eit stykke ho har skrive om kvinner og nynorsk i Syn og Segn: «Personleg nynorskbrukande kvinne». Her var både sjølvironi på målrøyrslas vegne og oppgitthet over at det trass i at vi lever i 2006 er så mange negative skildnader på det å vere mann og kvinne.

Birgit Attestog fortalde frå dialektgranskinga si «Jeg er setesdøl, jeg». At kvinner og nynorsk er eit interessant tema på Kvinnedagen, vart tydeleg understreka her.

Kontakt Mållaga på Agder ved:
Leiar i Vest-Agder Mållag Aslak T. Fjermedal på 37 96 17 07 og afjarm@c2i.net
Leiar i Aust-Agder Mållag Astrid Myhre på 39 16 92 68
Reiseskrivar Trond Sæbø Skarpeteig på 9005 8182 og trond@nm.no
Konsulent Borghild Løver på 97 06 44 85 og borghild.lover@nm.no
Informasjonskonsulent Judith Sørhus Litlehamar på 97 67 44 59 og judith5583@gmail.com

Her kan du lasta ned bilete av tillitsvalde og tilsette i Mållaga på Agder.