Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Nynorsk og kvinner

Nynorsk og kvinner

(09.03.06) Setesdalsmuseet i Valle var fullsett av kvinner i alle aldrar då det vart invitert til 8.mars markering med temaet: "Kvinner og nynorsk". Forfattaren Olaug Nilssen og skribenten Gudrun Kløve Juuhl var invitert for å fortelje om tilværet som ung, nynorskskrivande kvinne. Dei unge kvinnene skuffa ikkje, men gav dei oppmøtte eit innblikk i livet som bygdejente busett i urbane strøk.

bilettekstBILETTEKST: Olaug Nilssen og Gudrun Kløve Juuhl gav dei oppmøtte eit innblikk i livet som ung, nynorskbrukande kvinne.

- Eg har alltid skrive nynorsk, bokmål vert så fjernt for meg, sa Olaug Nilssen opprømt til forsamlinga, skal det vere mi stemme må det vere nynorsk! Ho fortalde levande om livet som nynorskbrukande forfattar i Oslo. Og ikkje minst om det ho kalla diskriminering.

- Eg vart spurd av Dagbladet om eg kunne tenkje meg å skrive bokmeldingar, men vart nekta å skrive på nynorsk. Då vart det sjølvsagt uinterresant for meg, eg opplevde det som diskriminering. Hadde me fått lese nynorsk i aviser som Dagbladet og VG ville nok også folk fått eit anna forhald til det.

Begge skribentanne var opptekne av at ein framleis hadde behov for kvinnedagen. Gudrun Kløve Juuhl etterlyste fokus på fleire kvinnelege kjelder i media medan Olaug Nilssen også retta blikket utover landets grenser.

- Ofte vert det kun prat om kva me kunne ha diskutert på kvinnedagen. Det finnes så mykje me kunne teke opp på ein slik dag, ikkje minst dei dårlege forhalda kvinner har i mange land. Det burde Siv Jensen tenkt på før ho gjekk ut og ville nedlegge heile kvinnedagen, i dag kunne ho gripe fatt i ein av Frp sine kampsaker, nemleg kampen mot kjønnslemlesting!

Thorild Jåvold sto for nydeleg kveding denne kvelden og Birgit Attestog fortalde om sitt arbeid med ungdom og dialekt i Setesdalen. Ein av hennar konklusjonar var at det ofte er jentene som forandrar mest på dialekten sin i ungdomstida!

Kontakt Mållaga på Agder ved:
Leiar i Vest-Agder Mållag Aslak T. Fjermedal på 37 96 17 07 og afjarm@c2i.net
Leiar i Aust-Agder Mållag Astrid Myhre på 39 16 92 68
Reiseskrivar Trond Sæbø Skarpeteig på 9005 8182 og trond@nm.no
Konsulent Borghild Løver på 97 06 44 85 og borghild.lover@nm.no
Informasjonskonsulent Judith Sørhus Litlehamar på 97 67 44 59 og judith5583@gmail.com

Her kan du lasta ned bilete av tillitsvalde og tilsette i Mållaga på Agder.