Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Mållaga på Agder reagerer sterkt biskop Skjevesland

Mållaga på Agder reagerer sterkt biskop Skjevesland

(09.03.06) Mållaga på Agder reagerer sterkt på at biskop Olav Skjevesland ber om å sleppe pålegget om å nytte nynorsk som administrasjonsspråk i Agder og Telemark bispedøme.

Etter vår meining skuvar Skjævesland innvandrarar framføre seg i ei sak som handlar om framtida til norsk språk.

Skjevesland reiser i dag til Oslo til departementet mellom anna for å be om nynorskfritak.

- Det er ikkje ei oppgåve for statens tenestefolk eller for kyrkja å motarbeida nynorsken og det norske språket, seier Trond Sæbø Skarpeteig i Mållaga på Agder. Nynorsk er den norske språkarven, og kyrkja har solide nynorsktradisjonar som Skjevesland bryt med. Nynorsken er jo sjølve identiteten for både Indre Agder og Telemark, seier Skarpeteig.

Mållaga på Agder forventar at biskop Skjevesland tek språkpolitisk ansvar og nyttar nynorsk som administrasjonsspråk.

Kontakt Mållaga på Agder ved:
Leiar i Vest-Agder Mållag Aslak T. Fjermedal på 37 96 17 07 og afjarm@c2i.net
Leiar i Aust-Agder Mållag Astrid Myhre på 39 16 92 68
Reiseskrivar Trond Sæbø Skarpeteig på 9005 8182 og trond@nm.no
Konsulent Borghild Løver på 97 06 44 85 og borghild.lover@nm.no
Informasjonskonsulent Judith Sørhus Litlehamar på 97 67 44 59 og judith5583@gmail.com

Her kan du lasta ned bilete av tillitsvalde og tilsette i Mållaga på Agder.