Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Biskop utan mål

Biskop utan mål

(13.03.06) Biskop Olav Skjevesland har tidlegare vist litt liten klokskap i sin handsaming av Telemark skriv Varden.

Biskop Olav Skjevesland har tidlegare vist litt liten klokskap i sin handsaming av Telemark. Ting han har gjort har tydd på at Agder-delen av bispesetet har vore nærast til hjartet hans. Etter påtale på leiarplass her i avisa for eit par månader sidan lova biskopen å gjera meir for å verta synleg i Telemark. Denne veka gjorde han det motsette.

Biskop Skjevesland klaga over lange og smale vegar frå Kristiansand til Telemark då han skulle forsvara manglande frammøte her i fylket. Men lang veg stogga ikkje biskopen frå å ta turen heilt til Oslo for å be departementet sitt om lov til å sleppe å skrive nynorsk.

Biskopen hadde mange grunngjevingar for å halde fram med bokmål som "administrasjonsspråk". Nokre av dei høyrdast med ein gong til og med plausible ut. Men ved nærare ettertanke ikkje.

Skjevesland vil gjerne rekruttere framandkulturelle til sin stab, men har funne ut at dei ikkje kan læra nynorsk. Vi trur staben hans er stor nok til å handtere den utfordringa.

Då trur vi meir på biskopens siste replikk, der han nok sa det som det var; han tykte nynorsk var eit tungt språk.

Det må biskop Skjevesland gjerne meine. Men han ikkje late sin dårlege vurdering av norsk mål vinne fram over norsk lov. Det fekk han då heller ikkje, departementet fann ingen grunn til at biskopen skulle "sleppe" å nytte nynorsk.

Det er synd at vi har ein biskop som ikkje ser nytta av å kommunisere med folket sitt på vårt eige mål. Vi har tidlegare rådd bispen til å gjera kva han kan for at vi her i Telemark skal kjenne oss som fullgode deler av hans bispedømme. No har han synt fram for alle at han helst vil nytte det gamle embetsspråket, som nok høver best i Kristiansand. I staden burde han nytta dette høvet til å bruke nynorsk for å nærme seg telemarkingane. Nynorsk som administrasjonsmål for bispesetet er ikkje nokon kross å bere for ein biskop for Telemark. Men kanskje for ein Agder-bisp.

Varden, 12. Mars 2006

Sjå også http://www.varden.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20060312/LEDER/103120250