Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Nynorsk næringslivspris til Hillestad

Hillestad fekk næringslivspris

(30.06.07) Hillestad-konsernet fekk ein vel fortent næringslivspris for sin standhaftige nynorskprofil.

AV BORGHILD LØVER/MAGNUS STOKKA

Barbro Hillestad mottek prisen, eit flott måleri måla av Olaug Åsen, av Anne Tone Hageland.
NÆRINGSLIVSPRIS: Heile familien Hillestad poserer med sin nyvunne pris, eit flott gaupebilete måla av Olaug Åsen.
- PRESSEMELDING FRÅ MÅLLAGA PÅ AGDER: Historisk nynorskpris Nynorsk næringslivspris for 2007 går til Hillestad-verksemdene i Tovdal. Prisen er etablert av Mållaga på Ager for å stimulere til bruk av nynorsk i næringslivet. Det er første gong Mållaga på Ader deler ut ein slik pris. Første verksemd som vert krona med nynorskheider har halde fast på nynorsk heilt sidan oppstarten. Hillestad er eit prov på at nynorsk ikkje er til hinder for utvikling av eit livskraftig næringslivskonsept. Hillestad-verksemdene femner no om Hillestad smykke, Hillestad galleri, Hillestad feriesenter og Hillestadheia. I marknadsføringa dreg dei fram lokale tilhøve, noko som styrkjer identiteten til verksemda. I den samanhengen er språket ein viktig faktor. Gjennomført bruk av nynorsk styrkjer inntrykket av ei solid og truverdig verksemd. Agder-verksemder bør no kvar for seg vurdere om språket kan leggje ein positiv dimensjon til merkevara, og då spesielt om bruk av nynorsk kan vere med og teikne verksemda på ein tydelegare måte. Nynorsk næringslivpris har ein verdi av kroner 10.000 og vert delt ut i Hillestad-galleriet like etter opninga av den nye utstillinga deira som er den 30. juni kl. 12.00 . Juryen har vore: Sigurd Haugsgjerd, Jan Kløvstad, Anne Tone Hageland, Anne Austad, Aslak Fjermedal, Kåre Seland og Astrid Myhre.

- Veldig moro og overraskande å få denne prisen, sa Barbro Hillestad, som tok imot han på vegner av heile familien. Anne Tone Hageland (til høgre) frå juryen var den som overrakte prisen for Mållaga på Agder.

Kontakt Mållaga på Agder ved:
Leiar i Vest-Agder Mållag Aslak T. Fjermedal på 37 96 17 07 og afjarm@c2i.net
Leiar i Aust-Agder Mållag Astrid Myhre på 39 16 92 68
Reiseskrivar Borghild Løver på 97 06 44 85 og borghild.lover@nm.no