Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Folkemusikkonsert på mållaget

Kulturspreiing til byen

(08.05.07) To gode setesdølar gjorde byfolk av seg ei kort stund, men la ikkje av seg dialekten for det! Byfolk hadde ingen språkproblem av den grunn, tvert om sette dei stor pris på besøket, ikkje minst leiaren i Mållaget i Kristiansand, som sjølv er frå Setesdalen.

AV BORGHILD LØVER

Sigurd Brokke (t.v.) og Daniel Sandén Varg gav ein flott folkemusikkonsert på Mållaget i Kristiansand.
Hylstringane Sigurd Brokke (t.v.) og Daniel Sandén Warg har gjort sitt denne våren for å spreie setesdalkulturen til svoltne byfolk, med konsert på Hartmannsbrygge og på Mållagsstova i Kristiansand nyleg.


- FLOTT FOLKEMUSIKKONSERT PÅ MÅLLAGET

-Me må ha eit vidare syn enn berre målet, sa leiaren i mållaget i Kristiansand, Bjug Åkre, og ynskte velkomen til eit tredvetals kulturinteresserte publikummarane som var møtt fram på Mållagsstova i byen om tysdagskvelden. Sigurd Brokke og Daniel Sandén Warg har gjeve ut ein cd med namnet ”Rammeslag”, som konserten henta stoff frå. -Med cd’en fylgjer det eit informativt teksthefte som fortel om både spelemennene, slåttane og historia bak, fortalde Åkre, som gledde seg å få høyre slåttane og sogene til. -Så vert det målsak likevel, sidan me får høyre ekte hylestadmål, konkluderte han nøgd.

Sigurd Brokke, ein dugeleg munnharpespelar med mykje godt spelemannsblod i årene, byrja konserten med slåtten etter Bjørgulv Uppstad. -Han Bjørgulv Uppstad var ein kar som trong mykje mat og kvile, fortalde Brokke. Ein vinter åt han 12 verar, så då var det ikkje så merkeleg at han vart så sprek at han bar ein hest over torget. Etter ei slik soge, var det ingen som var redde for å ta til seg av kaffimaten med godt samvit. Brokke går ikkje av vegen for å overføre slåttar frå hardingfele til munnharpe, slik han har gjort med ”Slåtten hass Knut Mo”.

Sigurd Brokke har vunne landskappleiken med munnharpespelet sitt, og overfører gjerne slåttar frå hardingfele til munnharpe.

Munnharpe er eit fantastisk folkemusikkinstrument som verkeleg ber dåmen av tidlegare tider i seg. Det er så ein kan høyre dei ulike livssyklusane svingar seg att og fram mellom slaga mot instrumentet.

Daniel Sandén Warg er ein folkemusikkutøvar av høgste klasse på hardingfela.

Daniel Sandén Warg, svenske som har gjort hylstring av seg så god som nokon, har vorten ein ypparleg hardingfelespelar. Mannen har ein ufatteleg musikalitet som mellom anna gjer seg utslag i ein perfekt hylestaddialekt. Sandén Warg slengde i veg på hardingfela på både vanleg bas, laus bas og gorrlaus bas så slåttane ljoma i veggane på Mållagsstova. Fiskaren, Fanitullen, Soteroen, Filleværen og mange fleire stod på repertoaret, slåttar som har teke vare på det heilt spesielle setesdaluttrykket frå hundreår attende. -I tillegg til å kvede stevtonane, var det òg tradisjon for å framføre dei instrumentalt, fortalde duoen, som dessutan gav konsertdeltakarane ein rask leksjon i instrumenta dei bruka. -I eit bryllaup kunne ikkje brura og brudgommen verte samde om kven dei skulle ha til spelemann, så Tarjei Aslaksson Austad og Myllarguten fekk spele i kvar si stoge. Utpå kvelden samla alle seg i stova til Austad fordi han hadde den største fela med den sterkaste ljoden, forklåra dei to før dei gav til beste ein skikkeleg slått med namnet ”Reisaren”. Det var ingenting å seie på storleiken til verken hardingfela eller munnharpa.

- Korleis tek kristiansandarane imot setesdalkulturen? -Veldig godt, det merkar me tydeleg på responsen. Ingen problem med dialekten? -Nei, aldri! forsikrar dei og lover like god konsert under Norsjøfestivalen i Farsund siste helga i august og på setesdalkvelden i Caledonien i Kristiansand helga etter, sistnemnde saman med Setesdal Roots Band og Åsmund Åmli-band.

Kontakt Mållaga på Agder ved:
Leiar i Vest-Agder Mållag Aslak T. Fjermedal på 37 96 17 07 og afjarm@c2i.net
Leiar i Aust-Agder Mållag Astrid Myhre på 39 16 92 68
Reiseskrivar Borghild Løver på 97 06 44 85 og borghild.lover@nm.no