Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Gratulerer, Fjotland!

3 gonger jubileum i Fjotland

(31.08.08) Fjotland hadde ei storslagen feiring av nynorsk liturgi, nynorsk skulemål og 150 år sidan samlarferda til Ivar Åsen. Dei har klart det på ny; Fjotland er sett på kartet 3 dagar til ende med ei beint fram fantastisk feiring av Ivar Aasen, nynorsk liturgi og skulemål. Med eit publikumstal på mest 800 totalt, tek me av oss hatten for tilskiparlaget Kvinesdal Mållag.

AV BORGHILD LØVER

Ute i skulegarden på Kvinlog skule var det flust med folk under jubileumskonserten om fredagen.
Ute i skulegarden på Kvinlog skule var det flust med folk under jubileumskonserten om fredagen.
- PRESSEMELDING FRÅ MÅLLAGA PÅ AGDER:

Fantastisk jubileumsfeiring

Med eit program som famna alle frå grunnskulealder til pensjonistnivå, vart det ei brei og solid feiring. Odd Nordstoga Trio (med Daniel Sandén Warg og Thomas T. Tofte) og Enny og Helene Stulien Lauen heldt ein nydeleg konsert om fredagskvelden. 270 publikummarar fekk med seg dette ute i skulegarden på Kvinlog skule – skulen som skapte så stor spaning i samband med skulerøystinga for eit års tid sidan, og som no feirar 100-årsjubileum for nynorsk som skulemål. Som vel alle målfolk hugsar med stor glede, så vann me ein stor siger for nynorsken; heile 73,8% røysta ja for nynorsk skulemål.

-Kva var då meir naturleg enn å leggje konserten nett her, seier ein av dei ivrigaste medlemene i Kvinesdal Mållag, Tom Arnt Lindeland.

-Me visste tidleg at me ynskte å gje skuleelevane gratis konsert, held han fram, og la difor opp til eit budsjett som tok høgde for dette.

-Me måtte med andre ord leggje mykje arbeid i å få tak i sponsorar og leggje til rette heile tilskipinga, men det betaler seg; for me kan vel røpe så pass at me ikkje kjem til å gå i underskot, legg Dag Runar Egeland til.

-Det har vore stor velvilje og stor støtte frå alle me har vore i kontakt med, så dette har berre vore moro, fortel Kåre Narvestad, som òg har vore aktiv i tilskipingskomitéen.

Leiar i Kvinesdal Mållag, Are Jerstad, hadde all grunn til å smile nøgd over ei fantastisk feiring i mållagets regi.


Odd Nordstoga Trio, fv. Thomas T. Tofte, Odd Nordstoga og Daniel Sandén Warg, tok Kvinlogpublikummet med storm. Odd Nordstoga Trio, fv. Thomas T. Tofte, Odd Nordstoga og Daniel Sandén Warg, tok Kvinlogpublikummet med storm.
Odd Nordstoga Trio, fv. Thomas T. Tofte, Odd Nordstoga og Daniel Sandén Warg, tok Kvinlogpublikummet med storm.

Odd Nordstoga hadde rett nok vore i Kvinesdal og spelt før, men aldri i Fjotland. Han kjem frå tjukkaste Telemark, og held nynorsken ved like som det naturlegaste i verda.

-Eg hadde nok ikkje fått jobb her viss ikkje, gliser han.

Er du av den typen som krev skjema på nynorsk når du er på offentlege kontor og liknande?

-Ja, men eg er ikkje fanatisk. Like fullt er det viktig å gjere det, elles vert det ikkje prioritert å ha skjema liggjande på nynorsk, meiner han.

Kva råd har du å gje elevane på denne skulen som ynskjer å halde på skrift- og talemålet sitt?

-Dei må IKKJE drive og skifte til bokmål når dei byrjar i vidaregåande skule. –Det er absolutt ikkje naudsynt. Bokmål lærer du deg likevel, fortel han. Viss du held på nynorsken og er sta på det, så viser du omverda at du har bein i nesa – og får slik sett ein betre karriere enn dei som ikkje gjer det, poengterer han. Det kan òg vere ein del som konverterer når dei byrjar på arbeid – det er skikkeleg feigt, tykkjer Nordstoga, som nok er eit av dei beste døma på ein god måte å spreie dialekten og den glade nynorskbodskapen på. Noregs Mållag er verkeleg stolt over å ha han i medlemsrekkjene sine.

Rebecca Egeland (16) er så ivrig fan av Nordstoga at ho like godt sette i gang ein fanklubb kalla Noregs Luringlag i 2005, som finst på nettsida http://noregsluringlag.proboards57.com. Ho har vore med på 24 av konsertane hans, og tykte difor det var særs kort og grei veg til konserten denne gong.

Tvillingane Enny og Helene Stulien Lauen er berre 12 år, men har allereie sunge for folk i fire år.
Tvillingane Enny og Helene Stulien Lauen er berre 12 år, men har allereie sunge for folk i fire år.
Kva tenkte du då du fekk nyss om fanklubben fyrste gong?

-Kva er dette for galningar, seier Nordstoga og ler, men han for lengst forsona seg med klubben, som ventar i spaning på neste plate.

Til oppvarmingsband for Nordstoga hadde Kvinesdal Mållag hyra inn den populære Stulien Lauen-familien ved tvillingane Enny og Helene (12), Synnøve (6), mor Grete (39) og far Øystein (44). Dei fall i god smak blant dei yngre, særleg gutedelen av publikummarane. Mikal Narvestad (14) var ein av dei som like godt fekk autografane til jentene skrivne i andletet sitt, slik at han hadde Enny på det eine kinnet, Helene på det andre og Synnøve på panna.


Kvifor i all verda har du autografane i andletet? -Dei er så kjempesøte, eg elskar dei! forklarer han, og legg til at han hadde høyrt dei på plate, men aldri vore på konsert med dei før.
Mikal Narvestad, 9. klassing med sans for nynorsk, fall fullstendig for Stulien Lauen-jentene, og fekk like godt autografane deira i andletet.
Mikal Narvestad, 9. klassing med sans for nynorsk, fall fullstendig for Stulien Lauen-jentene, og fekk like godt autografane deira i andletet.


To av dei som har gledd seg til konserten, er Kari Anne Bryggeså (13) og Martine Eie (13). Dei hadde ikkje høyrt om verken Stulien Lauen eller Kvinesdal Mållag før dette jubiléet, og meiner at det ikkje hadde spelt noka rolle om det var nynorske artistar eller ikkje – dei hadde gått på konserten uansett.
Veninnene Kari Anne Bryggeså (tv) og Martine Eie på Kvinlog skule hadde gledd seg til konserten og jubileet.
Veninnene Kari Anne Bryggeså (tv) og Martine Eie på Kvinlog skule hadde gledd seg til konserten og jubileet.
Kulturdagen om laurdagen byrja med eit samarbeid med Kvinesdal Historielag, som hadde fått Arild Stakkeland til å kviste ei to timars løype langs ein gamal saueveg frå Krågeland til Lindhommen. 65 menneske tok seg tid til å nyte denne turen i det strålande vêret som heldt seg over Fjotland heile helga.





På Lindhommen møtte det fram over 200 menneske som fekk med seg tradisjonsmat frå Torvløbakken gard og musikk/song av Sverre Eftestøl, Wenche Hunsbedt Svindland, Oddbjørn Stakkeland, Kenneth Trælandshei og Svein Arne Myhren.

Aasenbjørka har fått sin kloning på sørlandet; her er det eigar av Lindhommen, Kåre Egebø (tv), og skrivar i Kvinesdal Mållag, Dag Runar Egeland, som utfører den symbolske plantinga under påsyn av Svein Arne Myhren og dottera heilt til venstre.
Aasenbjørka har fått sin kloning på sørlandet; her er det eigar av Lindhommen, Kåre Egebø (tv), og skrivar i Kvinesdal Mållag, Dag Runar Egeland, som utfører den symbolske plantinga under påsyn av Svein Arne Myhren og dottera heilt til venstre.
Det er 150 år sidan Ivar Aasen kom på samlarferd til Lindhommen i Fjotland, der han vart verande ein kveld og ei natt og fekk seg ein god prat med ”Tosten”. Ikkje mykje er skrive om dette møtet, men Svein Arne Myhren fekk tankeprosessane i gang hjå publikum ved å fabulere rundt møtet mellom Tosten og Ivar. Tosten viste seg å vere ”meget snakksom”, jfr. Aasens eigne notat, men merkelegare er det at Aasen hadde vore ei heil veke på Feda nokre år tidlegare.

Aasen-ekspert Svein Arne Myhren tok føre seg nokre av dei mest typiske Fjotlandsorda som Aasen samla inn på si ferd og utviklinga av nynorsken i Fjotland for 100 år sidan. Han slutta sitt framifrå føredrag med ei sterk, symbolsk handling: Planting av ei lita Aasenbjørk på tunet i Lindhommen, ein genetisk kopi av det opphavlege Aasentreet som stod i tunet til Aasen då han vaks opp.

Kåsør Andreas Hompland rynker på nasa over strenge og snerpute målfolk.
Kåsør Andreas Hompland rynker på nasa over strenge og snerpute målfolk.
Kåsør og rikssynsar Andreas Hompland fylgde opp der Myhren slapp, og gjekk inn på utviklinga for Fjotland og nynorsken frå hans ungdomstid og fram til i dag. På sin vanlege, slentrande kvinesdalsdialekt fekk han fram poeng og spark hit og dit, mellom anna til alle målfolk med raude pennar. Han ymta òg frampå om at Aasen hadde vit til å setje pris på å ha ei vakker jente, ei såkalla dulle, på fanget i ny og ne, noko mållaget tykte var upassande informasjon, fortalde han. Han ville i så fall ikkje vere den fyrste mannen som likte det. Så å seie noko ålment fordelaktig om nynorsk og Noregs Mållag etter kåseriet, nei, det lukkast me ikkje i, derimot meinte han at nynorskfolk som ikkje kom frå det rettskrivande vestlandet var forsømde og forfylgde. Like fullt gav han klår melding om at fjotlendingane har halde på identiteten og sjølvkjensla; ”Me er noko anna enn dei andre, me er ikkje sørlendingar, men frå dalstroka innanfor – og ser ikkje ting sørfrå, men bakfrå.”


Ein kulturdag utan like med den perfekt opphøgde scena; ein fjellknaus ved tunet i Lindhommen, her fv. Oddbjørn Stakkeland, Wenche Hunsbedt Svindland og Sverre Eftestøl.
Ein kulturdag utan like med den perfekt opphøgde scena; ein fjellknaus ved tunet i Lindhommen, her fv. Oddbjørn Stakkeland, Wenche Hunsbedt Svindland og Sverre Eftestøl.
Frå den flotte, naturlege scena på toppen av ein fjellknaus like ved gardstunet på Lindhommen sa han dessutan høgt inn i mikrofonen at han var stolt over å ha fått Vest-Agder Mållag sin dialektpris. Og då me såg inn i dei brune augo hans etter kåseriet, kunne me tydeleg sjå at dei var utruleg glade for nynorsksigeren på Kvinlog skule.


Jubileumsgudstenesta i Fjotland kyrkje om sundagen var i samarbeid med Fjotland sokneråd og sette eit verdig punktum for 90-årsfeiringa av nynorsk som liturgispråk. Kyrkja var mest fullsett med sine godt over 200 kyrkjegjengarar, og fekk mellom anna høyre salmen Eg veit ei himmerik ei borg med Randi Helle.

Svein Arne Myhren heldt føredrag om Ivar Aasen under kulturdagen og var opphavsmannen bak idéen om å slå saman feiringa av 90 år med nynorsk liturgi, 100 år med nynorsk skulemål og 150 år sidan Ivar Aasen-vitjinga.
Svein Arne Myhren heldt føredrag om Ivar Aasen under kulturdagen og var opphavsmannen bak idéen om å slå saman feiringa av 90 år med nynorsk liturgi, 100 år med nynorsk skulemål og 150 år sidan Ivar Aasen-vitjinga.
Det finst bokmålsfolk som trur at det ikkje går an å nytte nynorsk anna enn i dikting. I Fjotland kyrkje denne dagen vart nynorsk brukt under barnedåpen, ved presentasjonen av det komande konfirmantkullet, presentasjonen av 50-årskonfirmantane som var til stades - og sjølvsagt i den (u)vanlege gudstenesta som presten Gunnar Tregde Pedersen heldt med stor innleving. Sjølv om han har vore tilsett som prest i berre eit års tid, har han for lengst sett det positive i at det er ein eigen identitet og særskild sjølvkjensle i Fjotland, og gjorde plass til dette i gudstenesta ved å ta med Eieslandversjonen av Min båt er så liten: Min traktor er så liten, min åker så stor…

Jubileumskake og kaffi vart servert alle på kyrkjebakken saman med nokre nynorske, liturgiske poeng av Svein Arne Myhren. Fjotland var den fyrste kyrkjelyden i Vest-Agder som tok til med nynorsk liturgi (1908) etter at Stortinget opna for dette i 1907.

Men nynorsk salmebok kom aldri til Fjotland fordi ein meinte at ”Guds velsigning ikkje fylgde dei nynorske salmane”. Det som er heilt sikkert, er at med det smellvarme vêret som mållaget vart velsigna med heile helga, så er det ingen tvil om at Gud er nynorsk. Høyrde du dét, Olav Skjevesland, biskop i Agder?

- Soknerådet ville gjerne vere med på samarbeid om ei jubileumsgudsteneste for Fjotland kyrkje og feiringa av 90 år med nynorsk liturgispråk.

Kontakt Mållaga på Agder ved:
Reiseskrivar Borghild Løver på 97 06 44 85 og borghild.lover@nm.no