Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Ny CD!

Nydeleg cd: ”Okke to” med Inger Lise Stulien

Inger Lise Stulien frå Byremo i Vest-Agder har gjeve ut si fyrste soloplate med sjølvskrivne tekstar, og her kan me berre seie: spring og kjøp!

AV BORGHILD LØVER

Inger Lise Stulien har gjeve ut ei nydeleg soloplate med namn ”Okke to”.
Plata har 12 melodiar i ulike sjangrar, alt frå roleg visepop til ein og annan bluesprega låt og fengande songar med svingande rytmar. Sams for alle tekstane er at dei er på nynorsk og/eller dialekt. Tittelen avslører temaet for plata; ”Okke to” gjev klåre assosiasjonar til kjærleik.

Er det kjærleik som er hovudtemaet?

-Ja, men òg store og små ting i kvardagen, om gleda, saknet og sorga, om nytt liv og døden, kort sagt dei nære ting, forklarer Inger Lise Stulien. –Men ja, ”Okke to” er absolutt ein hyllest til den store kjærleiken.

Du har vore med på å gje ut plater før (”Steikeplatå”), men dette er den fyrste soloplata; korleis kjennest det?

-Det kjennest godt, eg har jobba fire år med dette prosjektet og har fått lov å føde barn i mellomtida, noko som speglast att i teksten. Lukka er ikkje eit mål i livet, men ein måte å vandre på. Det har vore ein del kompromissar på vegen i høve til t.d. tekstane, slik at eg har teke nokre rundar med meg sjølv – men no er den jobbinga ferdig og eg kan på ein måte skumme fløyten av all jobbinga; no kjem det som eg tykkjer er veldig moro: Å vitje ulike stader i Noreg og møte publikum.

Er det ikkje samstundes skræmande, det å gje ut ei plate heilt på eiga hand?

-Jau, det er klart; ein gjer seg sjølv sårbar med å stå fram slik med eigne tekstar og eiga røyst. Men det gjev òg utruleg mykje energi. Hugs no på at eg har fått god hjelp frå musikarane, lydteknikarane og plateselskapet MTG. På plata er det tre melodiar frå andre kjende artistar, resten av melodiane er det Kim Roger Larsen som har laga, så han har ein stor del av heideren for at plata er vorten så godt motteke med fleire fyrsteplassar på Sørlandstoppen.

Korleis går det å kombinere lærarjobb, familie og konsertar?

-Å jobbe med barn og unge i utvikling er eit privilegium, dét vil eg ikkje slutte med. Eg kjenner eit sterkt formidlarbehov – som kjem att i yrkesvalet mitt, for i både læraryrket og musikaryrket står formidlarbehovet sentralt, men på ulike måtar. Eg vert rett og slett rastlaus om eg ikkje får sunge. Å kombinere dei to yrka og familien går heilt fint, når ein berre legg til rette for det.

Må me vente fire år før det kjem ei ny plate frå deg?

-Eg kan ikkje seie kor lang tid det tek; men eg har allereie byrja å skrive på nye songar, smiler Stulien, som gjerne vil takke Audnedal kommune, Evje Utvikling, Setesdal Regionråd, Marnar Mållag, Mållaget i Kristiansand, Landvik Mållag og Vest-Agder fylkeskommune for god støtte.