Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Doktordisputas med manne(s)kjønn

Doktordisputas med manne(s)kjønn

Svein Slettan disputerte den 18. juni i år på Universitetet i Agder, Kristiansand, med avhandlinga "Mannlege mønster. Maskulinitet i ungdomsromanar, pop og film", som er den fyrste norske doktoravhandlinga med ungdomslitteratur som emne.

Tekst og foto: Borghild Løver

Doktorand Svein Slettan saman med fyrsteopponent Malin Marnersdóttir frå Færøyene.
-Det er meir mobil sjølvskjensle og identitet hjå ungdomen no, var ein av påstandane Svein Slettan framla under disputasen; -og ungdomslivet varer lenger inn i vaksenlivet enn før. Fleire i den talrike forsamlinga på mest 70 personar måtte nikke attkjennande til dette.

Avhandlinga inneheldt seks velskrivne artiklar om både romanar, pop og film i ungdomslitteraturen – og var oppbygd på journalistisk vis med samanfatting av konklusjonane særs tidleg i avhandlinga. Dei som vart vurderte i avhandlinga, var Rune Belsvik, Arne Berggren, Harald Rosenløw Eeg, Ingvar Ambjørnsen, Mats Wahl, Bente Clod (romanar), Lars Lillo-Stenberg (pop) og Jesper Ganslandt (film).

Etter ein halvtimes gjennomgang av hovudhandlinga i artiklane, gjekk Slettan under disputasen over til å skildre analysen han hadde gjort av dei ymse framstillingane av maskulinitet som gjorde seg gjeldande på ulikt vis i roman-, pop- og filmkulturen. Han meinte at det heilt klårt låg ei optimistisk grunnhaldning i botnen av litteraturen han hadde analysert, for det kom fram at gutar kunne erkjenne si eiga hårsåre sjølvkjensle og varleik – jamvel som det kunne dreie seg om menn som var tradisjonelt maskuline, menn som svikta kvinna og menn som kort sagt var annleis. -Spaninga låg mellom den unge, truskuldige, sensitive mannen og den individualistiske, egosentrerte mannen, førelas Slettan.

Bedømingskomiteen fv. Malin Marnersdóttir, Rolf Gaasland og Elise Seip Tønnessen.
Slettan fekk sterke opponentar mot seg; professor Malan Marnersdóttir frå Fakultetet for færøysk språk og litteratur på Færøyenes universitet og professor Rolf Gaasland frå Institutt for kultur og litteratur ved Universitetet i Tromsø. Dei heldt det gåande i fleire timar, rett nok avbrote av ein times pause midt i. Slettan greidde likevel å halde på konsentrasjonen og kunne svare for seg – til glad humring frå salen innimellom. Like fullt var det ørlite granne nervepirrande då leiaren i bedømingskomiteen Elise Seip Tønnessen med opponentane etter seg tok seg ein tur ut i hallen for å drøfte om doktoranden hadde levert ein tilfredsstillande disputas. Rettleiarane hans, professor Unni Langås ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder og professor Harald Bache-Wiig ved Institutt for lingvistiske og nordiske studie, Universitetet i Oslo, var nok uansett aldri i tvil om at det ville gå bra.

Doktor Svein Slettan ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder er truleg sliten, men glad etter den vel tre timar lange vellukka disputasen i Kristiansand.
Slettan heldt ein beint ut lettfatteleg, interessant disputas med innleving og tydelege meiningar; og hadde dagen føre hatt ei like god framføring av prøveførelesinga ”Tekst, kontekst og lesere; en analyse av Erlend Loes Kurtby”.

Så svaret gav seg sjølv frå bedømingskomiteen; han stod med glans! Anne Austad frå Mållaget i Kristiansand overrekte gratulasjonsblomar, og Mållaga på Agder ved Borghild Løver likeeins. Grunnen til at han fekk slike trivelege målblomar, var sjølvsagt fordi avhandlinga var på nynorsk, så vidt me veit den andre i UiAs soge så langt. Slettan skriv gjerne nynorsk fagspråk – grunna ei betre og meir presist språkføring. Det er me så absolutt samde i – men legg til at nynorsk sjølvsagt kan nyttast like godt til kvardag som fest òg.