Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / 17. mai i Landvik

17. mai i Landvik

Landvik Mållag og Landvik Historielag samarbeidde om ein skikkeleg god, gamaldags 17. mai-fest med diktopplesing, kåseri, lotteri, kjempegod mat og musikkinnslag/-underhaldning. Slike festar er sjeldan vare i dag.

Tekst og foto: Borghild Løver

Folk strøymer på til triveleg 17. maifest i Landvik av det gode, gamle slaget.
I Landvik seier folk at mållaget er gift med historielaget – og det er sant, bokstaveleg tala: Terje Sandkjær er leiar i Landvik Historielag og kona Astrid Stuestøl Sandkjær er leiar i Landvik Mållag.




















Denne typen 17. mai-fest har Landvik Mållag og Landvik Historielag stelt til i 9-10 år, og vel 70 menneske storkoste seg den kvelden. Slik ein 17.-maifest stod skulen, kommunen og 17.mai-komiteen for tidlegare, men ebba diverre ut for 20 år sidan.

Terje Sandkjær, leiaren i Landvik Historielag, opna festen og ynskte velkomen. Han fekk god hjelp av leiaren i Landvik Mållag til å leie kvelden, som tilfeldigvis var kona Astrid Stuestøl Sandkjær. Nydeleg diktopplesing av Kari Andersen Tønnevold sette ei god ramme for festen, der tilhøyrarane mellom anna fekk ”Såmannens salve” og ”Når sol går ned”.

Bjarne Bjorvatn gav eit artig glimt frå gamle dagar med sitt humørfylte kåseri om bygdeoriginalar, dialektsærtrekk og ymse.
Så entra Bjarne Bjorvatn podiet, og salen fekk tre kvarter kåseri om alt frå språklege, lokale fenomen i Birkenesdialekten til bygdeoriginalar med hang til å bryggje øl i støvlane. Det vart sagt at ein av dei gjekk 6 km. for å gjere meir enn å pisse (han hadde ikkje utedo, ein gong)! Vidare fortalde han at økslingslære (seksualkunnskap) var noko både lærarane og foreldra var imot. ”Dermed gjekk ungane ut av folkeskulen like uinformerte som foreldra gjorde. –Det er eit under at det vart ungar!”
Eit utruleg lekkert koldtbord vart det av all maten folk hadde med seg.
Kåseriet var av det verkeleg fornøyelege slaget og samla mykje lått.

Heile festen er bygd over spleiselesten, så alle som kjem, har med seg eit fat med mat kvar. Etter ei god matøkt med eit bugnande koldtbord, var det tid for lotteri og musikk. Sistnemnde stod den premierte felespelaren Øystein Rød for. Han gav til beste bruremarsj etter Haldor Rød, ”Trulseguten” (halling), ”Bjølleslåtten”, ”Fagert er landet” med fleire. Dessutan fekk me høyre fleire eigenkomponerte slåttar, til dømes ”Vårløysing”, òg kalla ”Vårvalsen”, ein type slått som går frå moll til dur.

Den premierte felespelaren Øystein Rød gjorde festen fullkomen med sitt felespel.
Sjølvsagt var det allsong med opptil fleire fedrelandssongar på ein slik kveld. –For eit flott program! –Dette er noko anna enn å sitje å surfe på nettet!

-Me plar ha noko internasjonalt på programmet, mellom anna har me hatt kurdarar med oss tidlegare, men det fekk me ikkje til i år, seier tilskipar Astrid Stuestøl Sandvik.
-Me plar òg å vere i forsamlingshuset vårt som heiter Landvik Bygdehus, men det hadde me heller ikkje høve til i år. Landvik Bygdehus er eigentleg dei gamle banklokala som bygdekvinnelaget, historielaget, mållaget og rekneskapslaget kjøpte saman for 600.000 kr. Dermed redda me huset – og laga fekk ny inspirasjon av det gode samarbeidet.
-Dette kan me oppmode lag og foreiningar andre stader til å gjere òg, smiler ho til slutt.