Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Nynorsk næringslivspris 2009

Nynorsk næringslivspris 2009

Nynorsk næringslivspris for 2009 gjekk til avisa Setesdølen ved Sigurd Haugsgjerd i Bygland. Prisen er etablert av Mållaga på Agder for å stimulere til bruk av nynorsk i næringslivet. Det er tredje gong Mållaga på Agder deler ut ein slik pris.

Tekst og foto: Borghild Løver



Ein nøgd vinnar av Næringslivsprisen 2009 i midten, redaktør Sigurd Haugsgjerd i Setesdølen, flankert av leiaren i Vest-Agder Mållag Knut Homme og skrivaren i Mållaga på Agder, Borghild Løver.

Setesdølen er ei nokså ung avis som såg dagens ljos i 1975 – men avisa har vist seg å vere ein av dei største eksponentane for den nynorske målforma i dei to Agderfylka. Avisa er eit prov på at nynorsk ikkje er til hinder for utvikling av ei livskraftig avis, for det er ingen tvil om at avisa går godt både når det gjeld økonomi og talet på abonnentar. Faktisk er Setesdølen ei av dei få avisene som har framgang og ikkje tilbakegang av abonnentar. Opplaget ligg på over 4.700 abonnentar, men ein gong i året får alle 111.000 husstandane i båe fylka nyte godt av eit gratis eksemplar i form av ei temaavis. Sigurd Haugsgjerd har arbeidd i aviser på vestlandet og vore programsekretær i NRK Dagsnytt, men det er særleg som redaktør i over 30 år for avisa Setesdølen at han har gjort ein formidabel innsats for målsaka.

Setesdølen har halde ein konsekvent nynorskprofil. I stofftilfanget til avisa dreg Haugsgjerd meir enn gjerne fram lokale tradisjonar frå eit breitt kulturliv, noko som styrkjer identiteten til setesdølar og bygdefolk i heile Agder, ja, langt utanfor fylkesgrensene. Kvar utflytta setesdøl med respekt for seg sjølv, held sjølvsagt Setesdølen. I den samanhangen er språket ein særskilt viktig faktor. Det er ikkje utan grunn at avisa har fått framgang; det syner at det er viktig for folk at Setesdølen tek vare på både kulturen og språket vårt.

Eksempelet Setesdølen viser at Agder-verksemder gjer klokt i å vurdere om det å marknadsføre seg på nynorsk kan leggje ein positiv dimensjon til merkevara og kan vere med og teikne verksemda på ein tydelegare måte.

Nynorsk næringslivpris har ein verdi av 10.000 kroner og vart delt ut på Evjemoen under messa Naturligvis (tidl. Landbruksdagane) 16. august. Prisen Haugsgjerd mottok, var eit 54x65cm oljemåleri på lerret med skogsmotiv av Nils Belland, Froland, med eit messingskilt inngravert ”Nynorsk næringslivspris 2009 Mållaga på Agder” på ramma. Juryen har i år vore fylkesstyra i Aust- og Vest-Agder Mållag.

Haugsgjerd vart glad og overraska for heidersprisen, for som han sa; -Det er så naturleg for meg å skrive nynorsk – og eg kan ikkje kome på anna enn fordelar ved å bruke den målforma. -Særleg i reklame er det nyttig å gjere bruk av nynorsk – for i all reklame er det nett det å vere original som er poenget. Han nyttar dessutan høvet til å minne om at nynorsken aldri har stått sterkare i det offentlege rommet enn i dag. –Media set ofte dagsorden, og nynorsk vert bruka på alle område der, slik at det no til dags er heilt naturleg å få inn nynorsk i stova til folk. Og avsluttar med å gje eit lite tips til unge journalistspirar: -Nynorsk Mediesenter er på jakt etter unge folk som vil bruke nynorsk; og meistrar du det, har du absolutt ei føremon framfor andre som ikkje gjer det.