Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Nynorsk næringslivspris 2010

Nynorsk næringslivspris 2010

Ein stolt vinnar av nynorsk næringslivspris på Agder, Ragnhild Bjåen (i midten), som driv Bjåen Fjellstove, flankert av leiaren i Vest-Agder Mållag Olav Løtveit (tv) og nestleiaren Anne Austad til høgre. Prisen vart delt ut onsdag 29. sept. på Bjåen øvst i Setesdal. Foto: Else Gyro Rysstad.

Nynorsk næringslivspris for 2010 gjekk til Bjåen Fjellstove ved Ragnhild Bjåen på Bjåen i Bykle. Prisen er etablert av Mållaga på Agder for å stimulere til bruk av nynorsk i næringslivet. Det er fjerde gong Mållaga på Agder deler ut ein slik pris.

Bjåen Fjellstove er eit 125 år gamalt og solid sveitserhotell som opphavleg stod på Byrte i Tokke, men som vart selt og flytta til Bjåen i 1937. Fjellstova er ei sertifisert økoturismebedrift, og vart hausten 2009 kåra til Noregs hyggelegaste overnattingsplass av Søndagsmagasinet Dagbladet. Bjåen Fjellstove er ein overnattingstad for dei som ynskjer å kjenne atmosfære frå den gamle tida kombinert med fjelluft frå Setesdalsheiane, hanegal frå ei aktiv gardsdrift og mat frå det lokale med smak frå det kontinentale. Gjestene får gode stunder i ei heimsleg og varm stove, gjerne med altan med utsikt over Breivatnet. Bjåen Fjellstove lagar all mat i frå botn av, på sitt eiga kjøken. Råvarene er så kortreiste som mogleg, gjerne heimeavla, helst økologiske og frå produsentar dei kjenner. Bjåen Fjellstove freistar òg å få tak i gode økologiske alternativ i nærleiken når det gjeld både leskande og sterkare drikke.

Visjonen til Bjåen Fjellstove er å ha ein profil og ein heilskap som viser til kvalitet, "grøne verdiar", tradisjonar og kultur. Fjellstova skal vera ein stad for natur- og kulturopplevingar, der det lokale særpreget vert sett i fokus, der ein kan få god mat av lokale råvarer og økologiske produkt. Det skal vere ein plass der ein kan lære noko om historie, natur, dyr og kultur. Konseptet er å vere eit alternativ til masseturismen og leggje vekt på det særeigne med garden og staden, kort sagt ein "natur - og kulturopplevingstad", der tradisjonane og dei levande historiene kan forteljast vidare.

Då er det ikkje rart at Bjåen Fjellstove har valt nynorsk i all si marknadsføring – både på heimesida og i all korrespondanse elles. Det er freistande å seie at dei har valt kvalitet på dét området òg…

Eksempelet Bjåen Fjellstove viser at Agder-verksemder gjer klokt i å vurdere om det å marknadsføre seg på nynorsk kan leggje ein positiv dimensjon til merkevara og kan vere med og teikne verksemda på ein tydelegare måte.

Nynorsk næringslivpris har ein verdi av 10.000 kroner og vart delt ut under kulturkvelden skipa til av Bykle Mållag på Bjåen Fjellstove 29. september. Prisen innehavar Ragnhild Bjåen mottok, var ein sjekk på 10.000 kr og ein innramma diplom med eit lite landskapstrykk av Olav Bjørgum.


Juryen har i år vore leiarane og nestleiarane i Aust- og Vest-Agder Mållag (Astrid Myhre, Olav Løtveit, Anne Austad og Åslaug Haugå) og Sigurd Haugsgjerd, Anne Tone Hagestad og Jan Kløvstad.



Mållaga på Agder, 23.09.2010.

Borghild Løver

-reiseskrivar-