Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / fylkesårsmøta 2003

Innkalling til fylkesårsmøte 8. februar 2003

Aust- og Vest-Agder Mållag kallar med dette inn til fylkesårsmøte i båe fylka laurdag 8. februar klokka 11.00 til 15.30. Møta finn stad på Høgskulen i Agder, Gimlemoen i Kristiansand.

Rett etter fylkesårsmøta vert det fylkesstyremøte for dei nye fylkesstyra, med konstituering og gjennomgang av arbeidsplanen. Det byrjar klokka 16.00 og skal vera avslutta 18.00.

Framlegg til sakliste
10.30 Oppmøte. Kaffi og noko å bita i.
11.00 Sammøte Aust- og Vest-Agder fylkesmållag.
· Fylkesstyra legg fram årsmelding, rekneskap, budsjett og arbeidsplan for organisasjonssatsinga på Agder. Dette til orientering.· Orientering om stiltevlinga.
12.00 Pause
12.15 · Innleiing. Ordskifte.
· Fråsegner.· Helsingar.
13.30 Middag.
14.30 Fylkesårsmøte kvar for seg. Vanlege årsmøtesaker, som årsmelding, rekneskap, budsjett, årspengar og val.
15.30 Slutt

16.00 Fylkesstyremøte i Aust- og Vest-Agder. Slutt 18.00.

Beste helsing
AUST- OG VEST-AGDER MÅLLAG
Eystein Greibrokk og Aslak T. Fjermedal