Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Lokal kultur er ein ressurs!

Lokal kultur er ein ressurs!

- Det viktigaste lokale og regionale grepet ein kan ta for å bidra til økonomisk vekst er å ta utgangspunkt i egne fortrinn og ikkje fokusera på det andre har. Det slår forskar Dag Jørund Lønning i Telemarksforsking fast. Lønning er innleiar på eit seminar om Indre Agder som Mållaga på Agder skipar til på Evjemoen 31. oktober og 1. november.

Dag Jørund Lønning vil prata om kva rolla språk og kultur kan ha i utviklinga av Indre Agder-regionen. Og situasjonen for Evje og Hornnes er interessant, seier han.

Strategiske val
- Evje og Hornnes må gjera nokon strategiske val. Dette er val som får konsekvensar for kva du står fram som. Kva for stad er dette? Kva ynskjer ein i Evje og Hornnes å vera? Sidan Evje og Hornnes er grensekommune mellom by- og bygdekultur, vert det serleg viktig å ta eit val. Om ikkje kan kommunen oppfattast som utydeleg – utan retning og identitet, seier Dag Jørund Lønning.

- Me har røynsler med at det ikkje alltid er lurt for små stader å kopla seg opp til store byar. Då kan ein fort hamna i skuggen, slik Evje og Hornnes kan gjera det i høve Kristiansand og Agder-byen, seier Lønning. Det er naturleg tenkja seg to viktige og svært ulike assosiasjonar knytt til den regionen det her er tale om. Den eine går mot by, nærleik til Danmark, strender og svaberg. Den andre går mot særprega kultur, språk, kunst og vakker natur, med andre ord Setesdalen. Båe desse er truleg positive assosiasjonar. Evje og Hornnes bør ha gode høve til knyta seg mot den siste. For kva kan Evje og Hornnes bidra med når det gjeld den første?, spør Dag Jørund Lønning.

I 2002 kom rapporten "Kva er Telemark?" der tek Lønning for seg nordmenn sitt syn på Telemark og kva dette kan brukast til i lokal og regional kulturøkonomisk utvikling. Rapporten fortel om både sterke og positive assosiasjonar, spesielt i høve til skisport, bygdekultur og språkleg særpreg.

Rapporten syner og at ei rekkje einskildstader i Telemark står svært sterkt i det norske folks medvit, mellom anna gjeld det stader som Seljord, Bø, Kragerø, Morgedal og Vinje. Mellom 70 og 80 prosent av dei som tok del i undersøkinga svarar at dei har positive assosiasjonar til desse stadane.

Stads- og næringsutvikling
Undersøkinga er utført som ledd i Telemarksforsking sitt store forskingsprogram Trademark Telemark. Dette programmet har som målsetjing å utvikla teoretisk og strategisk kompetanse knytt til bruk av lokal kultur og kunnskap som ressursar for stads- og næringsutvikling.

- Nyare bygde- og regionalforsking syner at det eksterne biletet av staden er den viktigaste utviklingsressursen til staden. Når det gjeld Telemark ser me at området framstår som ein kulturgeografisk region. Det er eit sprik mellom det som folk oppfattar som den kulturgeografiske regionen Telemark og det geografiske fylket. Vi er ikkje ute etter å kåre vinnarar og taparar i denne samanhengen, men vi vonar at undersøkinga kan være med å få folk til å sjå med nye auge på sine eigne ressursar, og sjå på det dei har i staden for å fokusere på det dei ikkje har. I eit bygdutviklingsperspektiv er dette viktig, meiner forskar Dag Jørund Lønning.

Mållaget sitt seminar finn stad på Evjemoen.
Fredag 31. oktober klokka 18.00 er det panelordskifte mellom lokale politikarar og mållaget om språk- og kulturpolitikken i Evje og Hornnes kommune. Laurdag 1. november byrjar forskar Dag Jørund Lønning klokka 09.00 med innleiinga si. Deretter vert det kommentarar frå ulike aktørar i Indre Agder, og ordskifte. Seminaret er ope for alle som ynskjer å ta del!