Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Verv medlemer før nyttår!

Verv medlemer før nyttår!

Få medlemskap ut 2004 for berre 220 kroner!

I Evje og Hornnes har 150 personar i haust skrive under på eit opprop for at kommunen burde vore nynorsk. I dag er Evje og Hornnes språknøytral, noko som i praksis har blitt til bokmål.

Bokmålet i Evje og Hornnes kan på sikt undergrava nynorsken og det språklege kulturelle mangfaldet i Setesdal. Frametter vil Setesdalskommunane samarbeida om fleire og fleire kommunale tenester. Mållaget må stilla krav til Evje og Hornnes om at ein skal nytta nynorsk i slikt samarbeid. Ver med og legg press på Evje og Hornnes! Me vil ha eit regionsenter i Indre Agder som er nynorsk.

Noregs Mållag treng fleire medlemer. Det er fleire grunnar til det. Styrken til nynorsken vert målt i krafta og medlemstalet til Mållaget. Medlemspengane er ei viktig inntektskjelde for Noregs Mållag og for lokallaga. Dei fleste laga har ein eigen kontingent som du betaler gjennom medlemspengane. Di fleire medlemer vi er, di raskare får vi framgang for nynorsken.

Som medlem får du avisa vår, Norsk Tidend, du får høve til å vera med på målarbeid og du stør arbeidet for nynorsken.

Den siste tida har Noregs Mållag vore sentral for å:

  • halda oppe distriktskontoret til NRK i Sogn og Fjordane
  • få utgjeving av nynorskversjon av programvare frå Microsoft
  • syta for at mållova også gjeld offentlege aksjeselskap som Posten

Vi treng deg og vonar du vil vera medlem hjå oss!

Betaler du medlemspengane etter 1. november 2003, får du medlemskap ut 2004 for berre 220 kroner!

Vanleg medlemskap, første året 220,-
Familiemedlemskap, første året 110,- (Krev eit hovudmedlem i husstanden, får ikkje Norsk Tidend)

Betal til konto 3450 19 80058.