Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Gav seg etter 28 år som leiar

Gav seg etter 28 år som leiar

Det var klart for tronskifte i Evje og Hornnes Mållag då dei skipa til årsmøte og kulturkveld i matsalen på Hornnes vidaregåande skule. Olav Arne Kleveland takka for seg etter 28 år som leiar, og Ålaug Rosseland tok over som ny leiar.

Olav Arne Kleveland held fram i styret saman. Helga Dåsvatn gjekk ut av styret etter å ha vore med i ei årrekkje. Evje og Hornnes Mållag kan i år glede seg over å ha fleire medlemer enn nokon gong. I haust hadde dei ein underskriftsaksjon for å få kommunen til å vedta nynorsk som administrasjonsspråk. Mange skreiv under og 12-15 melde seg inn i mållaget. Dermed har laget no 57 medlemer.

Av Ørjan Hatteberg, Setesdølen.