Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Målungdomen til Agder

Målungdomen til Agder

NMU skal ha sommarleir I Lillesand 24.-29. juni 2003.

Lillesand i Aust-Agder er vertskapsby for Norsk Målungdom sin sommarleir i år. Sentrale emne vil vera sidemål og valkamp, kulturpolitikk, økologisk mat, målsoge, dans, EU og "Den store NMU-melodikappleiken".

Leiren skal vera på Tingsaker skule i Lillesand. Skulen ligg sentral til, med både ferskvatn og sjø i nærleiken.

Ta med deg gitar, solbriller, sovepose, liggjeunderlag, solkrem, ein ven eller ei veninne og anna du er glad i.

Leiren kostar 700 kroner for medlemer og 900 for dei som ikkje medlemer. (Det kostar berre 30 kroner å melda seg inn...) Avgifta dekkjer både mat, opphald og reise.

Påmelding til NMU på telefon 22 47 71 16 eller e-brev til skriv@nynorsk.no innan 13. juni!

Les meir på NMU sine heimesider.