Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Kampvilje i mållaget

Kampvilje i mållaget

Kampen for sidemål var den viktigaste saka då Noregs Mållag var samla til landsmøtet 2004 i Ålesund i helga. Frå Agder var det ei rekkje utsendingar, og me har prata med nokre av dei.

Utdanningsminister Kristin Clemet har nett lagt fram ei stortingsmelding der regjeringa vil fjerna eksamen i sidemål i ungdomsskulen, og gjera det til trekkfag i vidaregåande skule. Dette møter massiv motstand frå mållaget fordi det vil undergrava nynorsken som eit jamstelt språk med bokmål.

- I staden for å fjerna noko dei ikkje likar, burde regjeringa sett på alle dei positive sidemålsforsøka som finst rundt i landet. Der lærer elevane nynorsk betre, og får difor meir positive haldningar til språket, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag. At Unge Høgre no feirar sidemålsframlegget, og seier at dei i neste runde ynskjer å fjerne obligatorisk sidemål, illustrerer alvoret.

Inspirerande landsmøte
Landsmøtet opna fredag med gatefest for nynorsk med Side Brok i Ålesund. Det var stor stemning då 500 ungdomar fekk høyra Marie Lovise Widnes tordna mot Kristin Clemet og hennar populistiske skulepolitikk.

- Eg er oppteken av å kunna vera med å påverka korleis me skal arbeida for nynorsken både i skule og arbeidsliv, smiler Astrid Myhre frå Vegårshei. Eg er spesielt oppteken av å arbeida for at ungar skal føla seg trygge på å bruka dialektane sine. Dialektane, serleg i området vårt er i rask endring og under sterkt press. Samstundes er dialektane viktige for identiteten vår. Eg er oppteken av at så mange elevar som mogleg skal kunna bruka nynorsk, og at nynorskelevar ikkje skal gå over til bokmål på vidaregåande skule, seier Astrid Myhre.

- Det er ein moglegheit til å ta ordet og påverka det som skal skje framover i Noregs Mållag. Det er difor eg er her, seier Bjørg Ragnhild Loftesnes frå Åmli, som er leiar i Aust-Agder Mållag. Me i Aust-Agder Mållag er også opptekne av dialektane. Me må fokusera på ungdomskulturen som rap og pop der ein finn gode tekstar på dialekt. Dette kan vera med på å gjera ungdomane tryggare på å bruka dialekten si noko som er svært viktig for identiteten deira, seier Bjørg Ragnhild Loftesnes.

- Det er alltid interessant å vera på landsmøtet. Då ser ein at ein er ein del av ein stor samanheng. Ein får argument og fakta for meir nynorskbruk. I Grimstad står jo ikkje nynorsken sterkt. Det er fint å vera deltakar på dette landsmøtet. I fjor hadde me jo ansvaret for heile arrangementet!, smiler Astrid Stuestøl Sandkjær frå Landvik Mållag i Grimstad. For oss i Landvik Mållag er det også viktig å ålmenngjera nynorsk. At me har to språk i dette landet. Det skal vera lovleg å bruka begge. Me har satsa på barnekultur i skulane og i barnehagane, seier Astrid Stuestøl Sandkjær.

- Det er oppmuntrande å vere på landsmøte. Me i mållaget meiner me har ei sjølvsagt sak. I laget vårt har me fått auka medlemstalet etter kampanje for nynorsk sist sommar, fortel Ålaug Rosseland som er leiar i Evje og Hornnes Mållag. For oss i Evje og Hornnes Mållag er det viktig å få fleire til å bruke nynorsken. Me ønskjer nynorsk i det kommunale meldingsbladet og andre skriv frå kommunen. Mange evjedølar er forstøkte over utviklinga i dialekten til barn og unge, med mykje bokmålsuttrykk. Me trur at meir nynorsk er viktig for framtida for den lokale dialekten og identiteten, seier Ålaug Rosseland. Og til neste år skal me jo feire hundreårsjubileum for at Noreg vart sjølvstendig, der målmannen Jørgen Løvland hadde stor innverknad på Noregshistoria.

Av Trond Sæbø Skarpeteig
Mållaga på Agder