Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / song- og bokkveld på Byremo

Song- og bokkveld på Byremo

Inger Lise Stulien - Vaflar, kakao og song! Grindheim Mållag i samarbeid med Grindheim Bondekvinnelag og Tingvatn Mållag inviterer til song- og bokkveld på Byremo folkebibliotek onsdag den 4. desember klokka 18.30.

- Me er veldig glade for at songaren Inger Lise Stulien kjem saman med ein pianist og vil syngja for og med oss, fortel Eli Smedsland i Grindheim Mållag. Stulien vil syngja songar frå den nye barnesongboka «Song for deg og meg», og inviterer til allsong. Det blir presentasjon av Blåmann Barnebokklubb, verdas einaste nynorske barnebokklubb, og tradisjonelle songleikar, seier Smedsland. Det vert òg servering av nydelege vaflar og varm kakao.

- Alle er hjarteleg velkomne! Ta gjerne med deg foreldra dine eller ein ven eller venninne!

Barnebokklubb for alle
- Blåmann Barnebokklubb rettar seg mot dei 100.000 barna mellom to og tolv år som brukar nynorsk, men også mot dei 500.000 som ikkje gjer det, og derfor endå lettare går glipp av dei mange gode nynorske bøkene, seier Eli Smedsland.

Det er Det Norske Samlaget som står bak bokklubben. Målet er å gje barn betre tilgang på nynorske barnebøker. Blåmann Barnebokklubb ynskjer å vera eit frisk og dristig alternativ til andre bokklubbar for barn. Dei vil blant anna leggja meir vekt på nye bøker enn dei andre bokklubbane.

Bli trygg på nynorsk
Hovudmålgruppa for bokklubben er barn mellom 2 og 12 år. Blåmann Barnebokklubb vil formidla bøker som gjer barna trygge på dialekt og på nynorsk språk.

- Dersom det er bokmål som ligg dei nærast, skal bokklubben gje dei sjansen til å bli glade i og kjent med den gode litteraturen og det nynorske språket. Berre slik kan språket vårt halda seg levande, seier Smedsland.

- Bruk av nynorsk er viktig som kultur, og det var på høg tid med ein nynorsk barnebokklubb. Eg har trua på dette, og håper Blåmann får mange medlemmar, avsluttar Eli Smedsland.