Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / vil gjera borna kjent med nynorsk

Vil gjera borna kjent med nynorsk

Anne Elisabeth Havstad (t.v.), Lars Magne Tønnesøl og Astrid Stuestøl Sandkjær i Landvik Mållag vil ha mange nye medlemer i Blåmann Barnebokklubb frå Grimstad.

Grimstad har lange og sterke tradisjonar for nynorsk, sjølv om det ikkje er første opplæringsmål i grunnskulen i kommunen. Alle må læra både bokmål og nynorsk i grunnskulen. Landvik Mållag ynskjer å syna folk i Grimstad korleis dei kan gjera ungane sine kjende med den nynorske skriftkulturen på ein positiv måte: Gjennom Blåmann Barnebokklubb. Landvik Mållag er ein av dei lokale organisasjonane med lengst fartstid her i Grimstad. I 2003 skal laget skipa til landsmøtet for Noregs Mållag her i Grimstad der det kjem om lag 200 delegatar frå heile landet. I haust er det verving til den nye nynorske barnebokklubben som er viktigaste arbeidsoppgåve for laget.

- Blåmann Barnebokklubb rettar seg mot dei 100 000 barna mellom to og tolv år som brukar nynorsk, men også mot dei 500 000 som ikkje gjer det, og derfor endå lettare går glipp av dei mange gode nynorske bøkene, seier leiar i Landvik Mållag, Astrid Stuestøl Sandkjær, til Grimstad Adressetidende.

Det er Det Norske Samlaget som står bak bokklubben. Målet er å gje barn betre tilgang på nynorske barnebøker. Blåmann Barnebokklubb ynskjer å vera eit frisk og dristig alternativ til andre bokklubbar for barn. Dei vil blant anna leggja meir vekt på nye bøker enn dei andre bokklubbane.

Bli trygg på nynorsk
Hovedmålgruppa er barn mellom 2 og 12 år. Blåmann Barnebokklubb vil formidla bøker som gjer barna trygge på dialekt og på nynorsk språk.

- Hvis det er bokmål som ligg dei nærast, skal bokklubben gje dei sjansen til å bli glade i og kjent med den gode litteraturen og det nynorske språket. Berre slik kan språket vårt halda seg levande, seier Sandkjær.

Politisk tru på Blåmann
- Bruk av nynorsk er viktig som kultur, og det var på høg tid med ein nynorsk barnebokklubb. Eg har trua på dette, og håper Blåmann får mange medlemmar, seier Anne Elisabeth Havstad, lærar ved Landvik sentralskole. Mållaget oppfordrar rektorane på skolane i Grimstad til å sende brosjyrer frå Blåmann Barnebokklubb som ranselpost til elevane.