Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Mållaget skora stort på Skore

Mållaget skora stort på Skore

28.07.03: Som alternativ til Setesdalsstemna, valde Bygland Mållag i år å satse på eit kulturprogram på Skore. Avisa Setesdølen skriv at det var eit godt val, for over 100 menneske var glade for å kunna sitta ute i det fine veret.

På programmet var både stemningsfull song ved Rita Flottorp, og drivande felespel av Arne Haugå. Ragnar Kaasa deklamerte eigne dikt, og Astrid Moi sa fram stev. Vidare held Eystein Greibrokk ein kraftfull appell om kor viktig det er å ta vare på kulturarven, alt frå byggjeskikk og historie til song, musikk, dialekt og nynorsk.