Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Ynskje om meir nynorsk i Evje og Hornnes

Opprop: Ynskje om meir nynorsk i Evje og Hornnes

02.09.03: Eitthundreogtretten personar har så langt slutta seg til eit opprop om meir nynorsk i Evje og Hornnes.

Aslak T. Fjermedal, leiar i Vest-Agder Mållag, er sers nøgd med oppsluttinga så langt.
- Desse underskriftene har kome inn dei siste to vekene, og interessa for saka er stor, fortel Aslak Fjermedal.

Brei politisk støtte
Politikarar frå alle parti i kommunen, med unnatak av Høgre, har slutta seg til oppropet. Det viser at det er brei interesse for språk og kultur på tvers av politiske skiljeliner. Aslak Fjermedal argumenterer for at Evje og Hornnes må tenkje på kva slags identitet kommunen skal ha, etter at Evjemoen er lagt ned.
– Med dette oppropet ynskjer me å utfordre både innbyggarar, politikarane som stiller til val og næringslivet i eit ordskifte om framtida til kommunen, seier Aslak Fjermedal. Vil politikarane at Evje og Hornnes berre skal vere ein forstad til Kristiansand eller ynskjer dei å vere eit regionsenter for Indre Agder?, spør han.
- Evje og Hornnes er jo tradisjonelt ein nynorskkommune, og som regionsenter for Indre Agder bør ikkje kommunen berre sjå på administrative og næringsmessige funksjonar, men også ta ansvar for kultur og språk i regionen. Det inneber at Evje og Hornnes må vende seg mot omlandet dei skal vere sentrum for, også språkleg, meiner Aslak Fjermedal.

Skriv under!
- Det skal vere godt å høyre til i Evje og Hornnes, smiler Fjermedal. Språket vårt er det sterkaste ankerfestet for identitet, og ein medviten språkpolitikk vil kunna styrka den lokale identiteten og gje innbyggjarane eit sterkare tru på ei framtid for Indre Agder. Me vil gjerne ta vare på det fargerike språklege mangfaldet frå heile Agder, også i Evje og Hornnes, appellerer Aslak Fjermedal, og oppfordrar alle i kommunen om å slutte seg til oppropet.

Les oppropet Evje og Hornnes som nynorskkommune.

Me har skrive under oppropet for nynorsk I Evje og Hornnes: Kirsten Abusland, Anne May Andersen, Tor Egil Andersen, Aud Helene Austegard, Eva Bjorland, Gerd Breistøl, Lars Breistøl, Torgrim Dåsnes, Torgrim Dåsnes, Helga Dåsvatn, Kim Dåsvatn, Signe Egenes, Mette Eriksen, Mari Faret, Gjertrud Finnvold, Odleiv Fjellestad, Rita Flottorp, Anne Marit Fredriksen, Anna Galteland, Bjarne Galteland, Olav Galteland, Bernt Gautestad, Laila Gautestad, Thor Ole Gautestad, Elna Greibrokk, Rigmor Homdrum Hansen, Agnes Hasseldal, Mari Haugen, Berit Fiskaa Haugjord, Anny Haugland, Einar Haugland, Torhild Helle, Jorunn Tove Hiland, Ingebjørg Hodne, Odd Annar Holten, Dreng Homme, Kristine Hovstad, Eilert Hægeland, Reidun Høgetveit, Gudrun Haugen Håvorsen, Alfred Håvorstad, Anne Ljosland Håvorstad, Ingunn Håvorstad, Vigdis Margreth Håvorstad, Gro Jokelid, Asborg Kallhovd, Erling Kjell Kallhovd, Kjell Ove Kallhovd, Ragna Kallhovd, Solveig Kallhovd, Tonje Kallhovd, Torbjørg Kallhovd, Mari Katerås, Torbjørg Katerås, Einar Katterås, Kjell Katterås, Mari Katterås, Solveig Katterås, Torbjørg Katterås, Alf Georg Kjetså, Nina K. Kjetså, Tullemor Kjetså, Olav Arne Kleveland, Anne Langeid, Daniel Langeid, Ingebjørg Lauvland, Anne Marie Lien, Jørgen Lien, Øystein Lien, Olaug Liene, Gyro Ljosland, Inger Lund, Kjetil Lønn, Kåre Messel, Eli Mogstad, Oddmund Mogstad, Emilie Skogsøy Moi, Solveig N. Moi, Vegard Moi, Astrid Møen, Magne Møllen, Anne Karin Nesdal, Terje A. Nilsen, Ruth Oksefjell, Tormod Oksefjell, Ragnhild Refnes, Arne Retterholt, Målfrid Retterholt, Reinert Rislevand, Dreng Robstad, Odd Harald Robstad, Olav Robstad, Ragnhild Robstad, Henry Odd Rosseland, Hilde Marte Rosseland, Reidun Rosseland, Ålaug Rosseland, Gunnar Skaiå, Sigrun Smeland, Inge Lise Stulien, Tone Stålesen, Finn Martin Torgersen, Einar Uleberg, Gry Uleberg, John Olav Uleberg, Torgeir Uleberg, Amanda Vetrhus, Owe Wathne, Stein Ødegård, Berit Østerhus, Ingvard Østerhus og Aase Aadal.

Gode støttespelar!
Du som skriv under på dette oppropet støttar kampanjen vår for å styrka nynorsken i kommunen. Bli med!

Kontakt:
Olav Arne Kleveland i Evje og Hornnes Mållag på tlf. 928 23 468
Trond Sæbø Skarpeteig i Mållaga på Agder på tlf. 9005 8182 eller trond@nm.no
Aslak T. Fjermedal i Vest-Agder Mållag på 37 09 17 07 eller afjarm@c2i.net

Mållag på Agder
Evje og Hornnes, 2003