Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

pressemeldingar / Nynorske frimerke

Nynorske frimerke

(28.12.04) I 2004 er det berre gjeve ut eitt nynorsk 6-kroners frimerke, og det er valentinfrimerket frå februar (som også er eit flott frimerke!). Ved frimerketenesta sentralt opplyser dei at dei har over 30 000 slike att på lager. Med andre ord skal postkontora rundt i Noreg kunna tinga desse frimerka til alle dykk som spør etter dei.

Posten sender med det fyrste ut ei intern infomelding til postkontora om at desse valentinmerka finst og kan tingast, berre som ei påminning.

Dinest kan posten gleda oss med følgjande informasjon:

  • 7. januar - 2 nynorske frimerke (kr 7,50 og 9,50).
  • 4. februar - 1 nynorsk frimerke (kr 6,- valentinfrimerke med Tor Jonsson-diktet "nærast er du når du er borte").
  • 7. juni - 3 nynorske frimerke (kr 6,-, 9,50 og 10,50).
  • September - 4 nynorske frimerke (kr 5,50, 6,-, 9,50 og 10,50).

Med andre ord får "vi" 10 frimerke av totalt 38 planlagde utgjevingar neste år, altså godt og vel 25 %. Det viktigaste er likevel at alle de som etterspør dei, faktisk finn dei på postkontora rundt om i landet.