Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

arbeidet vårt / tidlegare seminar i Mållaga på Agder

Innbyding til haustseminar 2009

Bygland 6. november og Ose 7. november

Tittelen på seminaret er ”Frå eldst til yngst: Samanhengen barnehage og skule”
Kva faktorar kan vera avgjerande for kva for språk ungane våre utviklar? Å byrja med språkførebuande arbeid allereie i barnehagen, er ei utruleg viktig oppgåve. Fylkesstyra har dessutan gjort dette vedtaket: Dei mållaga som kjem på seminaret, får ein gratis barnehagekonsert med Jens Graasvold i sin heimkommune.

Mållaga på Agder legg altså opp til ein barnehageturné med musikklærar Jens Graasvold i Agderfylka. Turnéen vert organisert i fyrste halvdel av 2010. Seminaret er fyrste steg på vegen i høve barnehagesatsinga – sjå baksida av giroen for meir info.

Fredag 6. november
Kulturkveld med inspirerande kåseri av vinnaren av nynorsk næringslivspris-09, Sigurd Haugsgjerd, i årestoga på Bygland, god mat og musikkinnslag.

19.30

Opning av kulturkvelden i årestoga, Bygland
Kåseri: ”Nynorsken har aldri stått sterkare”

Allsong
Rjomegraut, spekjemat og flatbrød Wenche Hunsbedt Svindland deltek med song
Kulturskuleelevar frå Evje og Hornnes kulturskule
Songdans



Laurdag 7. november
Seminar i Storstoga på Ose, Setesdal
Tema: Frå eldst til yngst: Samanhengen mellom barnehage og skule

I 1970 var det snautt 30.000 born i barnehage i Noreg. I 2009 er talet 300.000. Denne enorme auken har ført til at styresmaktene, same kva parti det er, har byrja å sjå på innhaldet i barnehagen.
Kjernen i den ”nye” barnehagepolitikken er samanhengen barnehage og skule. Dette opnar for mykje bra målarbeid. Diverre er det i mange nynorskkommunar slett ikkje nokon samanheng i språkopplæringa mellom barnehage og skule. På folkemøtet før røystinga i Kvinlog (2007), mælte bokmålsforeldra at borna hadde lært bokmål i barnehagen, og dermed burde dei få læra bokmål i skulen. Den manglande samanhengen i nynorskkommunar fører til store pedagogiske, språklege og kulturpolitiske utfordringar for så vel skuleelevane, lærarane og ikkje minst foreldra.
Noreg fekk ein ny og framifrå språkpolitikk i 2002: I all tenkjeleg framtid skal vi ha to sjølvstendige skriftmål. Kristin Clemet formulerte difor denne problemstillinga i samband med Kultur for læring (St. meld. nr 30 2004): Korleis skal vi få alle norske elevar til å verta reelt tospråklege?
Eit svært aktuelt svar på spørsmålet frå Clemet er barnehagen, i så vel nynorsk – som bokmålskommunar. Og vi kan eller bør prøva å tilby dette svaret til kommunane! Målarbeid for dei aller minste: Samanhengen barnehage og skule. Oversyn over barnehagar i Agder

09.30

Kaffi på Storstoga på Ose

10.00

Innleiing v/Ingar Arnøy

11.00

Spørsmål og ordskifte

11.30

Gruppearbeid: Kva kan vi gjera i kommunen vår? Kva er stoda for barnehagane i kommunen vår? Kven kan me samarbeida med?

12.45

Oppsummering frå gruppearbeid

13.00

Nonsmat og slutt

Kulturkveld fredag: 150 kr (inkl. mat), 100 kr. for elevar/studentar
Deltakaravgift laurdag (inkl. nonsmaten): 100 kr. for elevar/studentar, 200 kr. for andre.
Overnatting kostar 350 kr per person i dobbeltrom/trimannsrom (Ose Turistheim), men du tingar overnattinga hjå skrivaren på Mållaga på Agder, tlf. 97064485.
Meld deg på innan onsdag 4. november til Borghild Løver, borghild.lover@nm.no, tlf. 97 06 44 85 (send gjerne ein sms). Du betaler kontant når du kjem, eller vi kan senda faktura.

Vi veit at kulturkvelden i årestoga er utruleg stemningsberande, og ikkje minst er det praktisk retta seminaret dagen etter særs engasjerande, og vonar du òg vil ta turen til Bygland!

Mållaga på Agder/Bygland Mållag

Ingar Arnøy er skulemålsskrivar i Noregs Mållag og den som kan mest om skulemål i heile landet. Han har ei rekkje praktiske tips å kome med under seminaret på Ose den 7. november.


Dialektduell, kulturprogram og seminar

7. og 8. november 2008 har Mållaga på Agder kulturkvelden og haustseminaret sitt!

Fredag 7. november 20.00 i Årestoga på Bygland
Kulturkveld med spanande dialektduell mellom Norsk Attraksjons-Linda (Eide) og vår eigen Sigurd Brokke i årestoga.

Domar Sigmund Skomedal kårar duellvinnaren.

Linda Eide les utdrag av boka si ”Kvardagstraumer i utval”.

Rjomegraut og spekjemat. Kulturprogram med hardingfele, munnharpe og kveding. Pris: 150,- (100,- for studentar)

Laurdag 8. november 10.00 til 13.00 på Setesdal Hotell, Bygland
Tema: Mediemål Kva for haldningar og prinsipp ligg til grunn for språkval i avisene? Kven eller kva styrer språket i media generelt og avisspråket spesielt? Kva faktorar kan vere avgjerande for om avisene vel å bruke nynorsk i spaltene sine? Ingunn Ims har forska på nett dette og vil i tillegg til mediefolk gje oss eit innblikk i emnet. Linda Eide er med oss utover føremiddagen.

Seminaret sluttar med nonsmat på Setesdal hotell kl. 13.00 (inkl. i seminarprisen)

Du kan overnatte på Setesdal Hotell til 650 i einskildrom / 890 i dobbeltrom med frukost. Kontakt hotellet sjølv.

LES OG VEKS

OM HOVUDFAGSOPPGÅVA TIL INGUNN IMS Denne kan du sjå gratis på http://www.duo.uio.no/publ/ILN/2007/61322/III_hovedoppgave.pdf
Tilskiparar: Mållaga på Agder/Bygland Mållag

ÅRETS HAUSTSEMINAR ER I BYGLAND
Laurdag 8. november 2008

PROGRAM
0930 Setesdal Hotell: Folk kjem, kaffe/te.
1000 Opning.Innleiing ved Ingunn Ims, som presenterer delar av si hovudfagsoppgåve, der ho gjennom spørjeskjemaundersøkjing og djupintervju har sett nærare på prosessen som går føre seg i avisredaksjonane før me lesarane ser språket på trykk.
1030 : Fevennen ved Ole Lillesvangstu, Åmliavisa ved Inger Stavelin, Setesdølen ved Sigurd Haugsgjerd, tidlegare reportar Sigmund Skomedal og noverande reportar Linda Eide gjer greie for sitt språksyn/utfordringar
1130 Kaffi og fruktpause
1145 Allmugen deltek i debatten under debattleiar Aslak Fjermedal
1200 Ingunn Ims tek oss eit steg vidare: Kva kan gjerast for å betre vilkåra for nynorsk i avisredaksjonane? Funn/problemstillingar frå oppgåva (spesielt perspektiv frå redaktørane ho har samtala med) og aktuelle tiltak som blir nemnt i språkmeldinga.
1300 Nonsmat

PÅMELDING
Meld deg på innan 6. november til: borghild.lover@nm.no, tlf 97 06 44 85 (gjerne sms)

SEMINARET
Ingunn Ims har studert nordisk ved universitetet i Oslo og skrive hovudfagsoppgåve om avisspråk. Ole Lillesvangstu er samfunnsredaktør i avisa Fevennen. Inger Stavelin er redaktør i den nybyrja Åmliavisa. Sigurd Haugsgjerd er redaktør av avisa Setesdølen. Sigmund Skomedal er tidlegare NRK-journalist. Linda Eide er NRK-tilsett journalist i dag, spesielt kjend for dei morosame TV-programma "Norske Attraksjonar". Aslak Fjermedal er tidlegare leiar i Vest-Agder Mållag og skal leie debatten.

Praktisk og økonomisk:
Overnatt gjerne frå fredag til laurdag på Setesdal Hotell, (gullsand@online.no) tlf 37 93 52 03),

Pris for seminaret er kr 200, (100 for studentar) og dette omfattar både programmet og maten mellom 10.00 og 13.00.

Åshild Ulstrup, kultur og jubileum

20. august 2005 hadde Mållaga på Agder haustseminaret sitt, men for ikkje å bryta tradisjonen med at målfolk møtest første helga i november, inviterer me til haustfest og miniseminar 4. og 5. november 2005!

Fredag 4. november 18.00 i Årestova på Byglandtun
Rjomegraut og spekemat. Kulturprogram. Pris: 150,-

Laurdag 5. november 10.00 til 12.00 på Bygland Fjordhotell
Noregs Mållag er 100 år i 2006! Det blir seminar om planane for jubileet nasjonalt og planlegging av jubileet på Agder.

Matpause på Bygland Fjordhotell. 125,-

Laurdag 5. november 13.00
Glashytta opnar dørene og viser oss glasblåsing. Her kan du oppleva eit magisk handverk. Det flytande glaset blir forma og blåse av dyktige handverkarar.

Du kan overnatta på Bygland Fjordhotell til 450 i enkeltrom / 350 i dobbeltrom med frukost. Lunsj på laurdag 125,- Kontakt hotellet sjølv.

LES OG VEKS


OM BRUBYGGAREN OG STATSMANNEN JØRGEN LØVLAND
Tilskiparar: Bokbyen ved Skagerrak, Historielaget for Dypvåg, Holt og Tvedestrand, Høgskolen i Agder, Noregs Mållag, Tvedestrand kommune og Jørgen Løvland-nemnda.

ÅRETS HAUSTSEMINAR ER I TVEDESTRAND
Laurdag 20. august 2005 (med gudsteneste i Holt kirke søndag 21. august).

PROGRAM
0930 Tvedestrand Rådhus: Folk kjem, kaffe/te, noe å bite i.
1000 Tvedestrand Rådhus: Åpning. Leiar i Jørgen Løvland-nemnda, Jon Lilletun, stortingsrepresentant
1015-1035 Tvedestrand Rådhus: Per Eivind Hem, statsvitar og Løvlandbiograf. Politikaren Jørgen Løvland og 1905.
1035-1105 Tvedestrand Rådhus: Sylfest Lomheim, direktør i Norsk Språkråd. Målmannen Jørgen Løvland.
1110 Avreise til Holt kirke og Holt seminar (vi samlar oss i privatbilar). Matpause ved prestegarden.
1200-1230 Seminarsalen, Holt prestegard: Øyvind Bjorvatn, historikar. Den unge Jørgen Løvland og Holt Seminar.
1240-1300 Holt kirke: Njål Klevberg, prost og NN, Høgskolen i Agder. Kort presentasjon av Holt kirke, og Jørgen Løvland og menighetsråda.
1300-1315 Transport til fots eller i bil til Holt skolemuseum, 4-500 meter
1315-1345 Holt skolemuseum: Aud Findal Dahl, prorektor ved Høgskolen i Agder. Fra Holt seminar til Agder Universitet (etter kort introduksjon om Holt skolemuseum ved Øyvind Bjorvatn).
1345-1430 Holt skolemuseum: Vandring rundt i museet. I finver: mat og kaffe/te utanfor. Gråver: til Tvedestrand Rådhus for matpause der.
1430-1440 Avreise til Tvedestrand Rådhus.
1500-1545 Tvedestrand Rådhus: Tidl. statsråd og leder av demokratikommisjonen i Sverige, Bengt Göransson. Løvland og unionen, og Sverige og Norge i dag.
1545-1700 Frå Tvedestrand Rådhus: Jan Kløvstad, styremedlem i Bokbyen ved Skagerrak. Bokbyvandring, medrekna 1905-utstilling i Tvedestrand museum – Forvaltergården.
1830 Tvedestrand rådhus: I panelet sit Steinulf Tungesvik (Noregs Mållag), Trond Nordby (Universitetet i Oslo), Harald Berntsen (historikar), Janne Haaland Matlary (Universitetet i Oslo) med fleire. Nynorsk Bar: Er det vi fekk i 1905 noko å feire i 2005?
2000 Tvedestrand rådhus: Agder vokale. 1905-inspirert konsert. Kr 100,00.
2130 Tvedestrand Fjordhotell: Jan Engervik i koseleg pub-stemning.

PÅMELDING
Meld deg på innan 1. august til: post@bokbyen-skagerrak.no, tlf 37 16 40 30 eller Bokbyen ved Skagerrak, Boks 101, 4902 Tvedestrand. For overnatting tar du direkte kontakt med overnattingsstaden.

JØRGEN LØVLAND
Jørgen Løvland er Sørlandets største statsmann, bondesonen frå Evje som blei stortingspresident og statsråd. Kom og lær om Løvland, få kunnskap og inspirasjon. Vi har sett saman eit rikhaldig program som vil gi deg interesse og kunnskap både om 1905, om Jørgen Løvland og viktige utviklingstrekk i norsk språkhistorie, politikk, kyrkjehistorie, norsk og svensk historie – og den regionale historia på Sørlandet.

SEMINARET
Foredragshaldarane er Per Eivind Hem som skriv den store Løvlandbiografi en, språkdirektør Sylfest Lomheim, prorektor Aud Findal Dahl, historikar Øyvind Bjorvatn som mellom mykje anna har skrive boka «Jubelåret 1905 og Jørgen Løvland. Frå Holt Seminar til Kongens Råd», prost Njål Klevberg og president i Foreningen Nordens Forbund, tidlegare kulturminister og leiar av den svenske demokratikommisjonen Bengt Göransson.

Praktisk og økonomisk:
Kom gjerne til Tvedestrand kvelden før. Både Tvedestrand fjordhotell (post@tvedestrandfjordhotell.no tlf 37 16 26 55), Pensjonatet Englegaard (tlf 37 03 28 00), Lyngørporten resort på Gjeving ( tlf 37 19 80 00) og Borøy Bed & Breakfast (tlf 37 16 69 49) er gode overnattingsstader.

Pris for seminaret er kr 250, og dette omfattar både programmet og maten mellom 09.30 og 17.00. I tillegg er det konsert om kvelden, for kr 100. Påmelding til Bokbyen ved Skagerrak, tlf 3716 4030 post@bokbyen-skagerrak.no, eller Boks 101, 4902 Tvedestrand innan 1. august 2005.

* * *

Haustseminaret 6.-7. november, Evjemoen:
Aust- og Vest-Agder Mållag i samarbeid med Telemark Mållag inviterer til

Kurs i offensivt målarbeid

Det kan vera turvande å sjå målarbeidet på Agder og i Telemark under eitt av di stoda truleg er mykje den same i desse fylka. På seminaret i år vil me leggja opp til både grundige analysar og vurderingar av vårt eige arbeid og praktiske øvingar i aksjonisme!

Sats på bygdene våre – vel nynorsk!
Me vil vera ei idé-smie for levande bygder og identitet, opna for spanande målpolitiske ordskifte og gjera ein kulturell innsats for bygda. Dette er seminaret for deg som ynskjer å tenkja nytt om målarbeid, og som vil ha resultat av arbeidet du legg ned. Møt andre som også ynskjer ei kulturell styrking av bygdene.

Laurdag 6. november:
11.00 Oppmøte og kaffi.
11.30 Velkomen ved fylkesleiarane i Aust- (Bjørg Ragnhild Loftesnes) og Vest-Agder (Aslak T. Fjermedal) og Telemark Mållag (Ragnar Lurås). Førebuingar til aksjon. Argumentasjon og opplegg.
12.30 Aksjon i Evje sentrum for Indre Agder som nynorskregion!
14.00 Lunsjbord.
15.00 Oppsummering av aksjonen og målarbeidet vårt ålment. Systematisk evaluering av vårt eige målarbeid. Målet er å finna ut om arbeidet vårt har endra på målstoda eller ikkje, og kva me kan gjera annleis. Innleiingar ved Ingar Arnøy, skulemålsskrivar i Noregs Mållag, og Trond Sæbø Skarpeteig, reiseskrivar for Mållaga på Agder. Gruppeordskifte og samla ordskifte.
18.30 Slutt.
19.00 Middag. Kulturinnslag. Kveldssete.

Sundag 7. november
08.00 Frukost for dei som overnattar.
09.00 Kommunikasjonsstrategiar for målarbeid. Korleis kan me betre få andre i tale og få fram våre synspunkt i ålmenta? Innleiing v/Elin Lerum Boasson, tidlegare leiar i Natur og Ungdom.
10.00 Kaffi.
10.15 Ordskifte.
12.00 Lunsjbord.
13.00 Framlegg til konkretisering av målarbeidet dei neste 3 åra i Agder og Telemark.
14.00 Slutt.

Seminaravgift:
Laurdag: Kaffi, lunsjbord og middag kostar 250,- (Utan middag laurdag: 100,-)
Sundag: Kaffi og lunsjbord kostar 100,-
Overnatting laurdag – sundag i enkeltrom kostar 250,-

Påmelding til Trond Sæbø Skarpeteig, trond@nm.no, SMS/Tel. 90058182 eller faks 22 47 71 01 innan 29. oktober. Betaling ved oppmøte.

* * *

Samrådingsmøte 27. mars 2004, Evjemoen:

Språk og kultur som ressurs i bygdeutviklinga

Til
Lokallaga på Agder
Andre interesserte i kultur, språk eller bygdeutvikling

Mållag på Agder inviterer med dette til oppfølgjing av dei spanande ordskifta me har sett i gang i 2003 i Evje og Hornnes og på Haustseminaret på Evjemoen. Du er velkomen til eit kort seminar laurdag 27. mars 2004 klokka 11.30 i mannskapsmessa på Evjemoen.

Målet med seminaret er å koma fram til konkrete mål og krav me vil fremja for å styrka bygdeutviklinga i dei ulike kommunane i Indre Agder. Me meiner at

  • Korleis skal me få Evje og Hornnes til å vera nynorskkommune?
  • Kva for språk og kulturpolitikk vil me ha oppslutting om i Indre Agder?
  • Korleis konkretisera forskaren Dag Jørund Lønning sine råd om å satsa på identitet og det unike i utviklinga av bygdene våre?

Program:
11.30 Oppmøte. Kaffi.
12.00 Opning ved Aslak T. Fjermedal. Presentasjonsrunde. Innleiingar ved Knut Austad (ordførar i Bygland), Åslaug Haugå (Bygland Mållag), Trond Sæbø Skarpeteig (reiseskrivar mållaget) med fleire.
13.15 Matpause. Blekesuppe med brød.
14.00 Ordskifte
15.30 Konklusjonar
16.00 Slutt

Lokallaga må gjera ein liten innsats for å få med andre som er interesserte i kultur og lokal identitet: kulturpersonlegdomar, samfunnsengasjerte lokalpolitikarar, skulefolk, barnehagefolk, entreprenørar og nyskaparar i bygdene og næringsdrivande som formidlar tradisjon og identitet, sogelagsfolk, bygdekvinnelagsfolk og liknande.

Her finn du eit kompendium med artiklar om emnet.

Påmelding her.

* * *

Haustseminaret 2003: Kulturpolitikk for Indre Agder

Innbyding til haustseminaret 2003!
Evjemoen 31. oktober til 1. november.

Tema for seminaret er Indre Agder-regionen, og kva rolla kultur og kulturpolitikk kan ha i utvikling av regionen. Kan Evje og Hornnes kommune vera regionsenter – på bokmål?

Fredag 31. oktober
Kva veg går Evje og Hornnes?
Mannskapsmessa Evjemoen

17.30 Oppmøte. Kaffi og kaker.
18.00 Panelordskifte om språk og kulturpolitikk i Evje og Hornnes: I panelet sit Bjørn Ropstad, Trond Sæbø Skarpeteig og Olav Arne Kleveland med fleire.
20.00 Middag. Kulturkveld. Hugs påmelding!

Laurdag 1. november
Ein regional kulturpolitikk for Indre Agder?
Kantina Evjemoen

09.00 Kan ein medviten språk- og kulturpolitikk styrka utviklinga i Indre Agder-regionen? Innleiar er Dag Jørund Lønning frå Telemarkforsking. Kommentarar ved Bjørn Ropstad, Åslaug Haugå, med fleire. Kaffipause. Ordskifte.
12.30 Matpause i mannskapsmessa.
13.30 Strategiar for ein språk og kulturpolitikk for Indre Agder. Ordskifte. Gruppearbeid.
15.00 Slutt

Deltakaravgift fredag og laurdag inkl. middag og lunsj 300,-. Ein av dagane 150,-Overnatting med frukost 250,-

Me er stolte av å ha fått til eit så godt og offensivt program, og håpar du og vil ta turen til Evjemoen! Meld deg på til Trond Sæbø Skarpeteig trond@nm.no, tlf. 22 47 71 10 / 9005 8182 eller til Aslak T. Fjermedal afjarm@c2i.net, tlf. 37 96 17 07

* * *

Haustseminaret 2002

Det tradisjonsrike haustseminaret for 2002 vart avvikla helga 25. - 26. oktober i Bygland. Det var Aust-Agder Mållag som var tilskipar, og det var om lag 30 personar som deltok på samlinga. Dette er noko dårlegare enn målsetnaden, og AU vurdere det som sannsynleg at hovudårsakene til det er at møtet vart flytta ei helg fram i høve tidlegare år, og at programmet for seminaret vart sendt for seint ut til lokallaga. Emne på seminaret var kulturpolitisk program for Noregs Mållag, språk- og dialektdauden verda over, og organisasjonssatsinga på Agder. Innleiarar på seminaret var Sigrund Høgetveit Berg frå styret i Noregs Mållag, Sigurd T. Brokke frå Valle Mållag og reiseskrivar Trond Sæbø Skarpeteig.