Mållaga på AgderArbeidet vårtKontakt ossArtiklarPressemeldingarLokallagInnmeldingPeikararFramsida

arbeidet vårt / seminar i Mållaga på Agder

Innbyding til haustseminar 2009

Bygland 6. november og Ose 7. november

Tittelen på seminaret er ”Frå eldst til yngst: Samanhengen barnehage og skule”
Kva faktorar kan vera avgjerande for kva for språk ungane våre utviklar? Å byrja med språkførebuande arbeid allereie i barnehagen, er ei utruleg viktig oppgåve. Fylkesstyra har dessutan gjort dette vedtaket: Dei mållaga som kjem på seminaret, får ein gratis barnehagekonsert med Jens Graasvold i sin heimkommune.

Mållaga på Agder legg altså opp til ein barnehageturné med musikklærar Jens Graasvold i Agderfylka. Turnéen vert organisert i fyrste halvdel av 2010. Seminaret er fyrste steg på vegen i høve barnehagesatsinga – sjå baksida av giroen for meir info.

Fredag 6. november
Kulturkveld med inspirerande kåseri av vinnaren av nynorsk næringslivspris-09, Sigurd Haugsgjerd, i årestoga på Bygland, god mat og musikkinnslag.

19.30

Opning av kulturkvelden i årestoga, Bygland
Kåseri: ”Nynorsken har aldri stått sterkare”

Allsong
Rjomegraut, spekjemat og flatbrød Wenche Hunsbedt Svindland deltek med song
Kulturskuleelevar frå Evje og Hornnes kulturskule
Songdans



Laurdag 7. november
Seminar i Storstoga på Ose, Setesdal
Tema: Frå eldst til yngst: Samanhengen mellom barnehage og skule

I 1970 var det snautt 30.000 born i barnehage i Noreg. I 2009 er talet 300.000. Denne enorme auken har ført til at styresmaktene, same kva parti det er, har byrja å sjå på innhaldet i barnehagen.
Kjernen i den ”nye” barnehagepolitikken er samanhengen barnehage og skule. Dette opnar for mykje bra målarbeid. Diverre er det i mange nynorskkommunar slett ikkje nokon samanheng i språkopplæringa mellom barnehage og skule. På folkemøtet før røystinga i Kvinlog (2007), mælte bokmålsforeldra at borna hadde lært bokmål i barnehagen, og dermed burde dei få læra bokmål i skulen. Den manglande samanhengen i nynorskkommunar fører til store pedagogiske, språklege og kulturpolitiske utfordringar for så vel skuleelevane, lærarane og ikkje minst foreldra.
Noreg fekk ein ny og framifrå språkpolitikk i 2002: I all tenkjeleg framtid skal vi ha to sjølvstendige skriftmål. Kristin Clemet formulerte difor denne problemstillinga i samband med Kultur for læring (St. meld. nr 30 2004): Korleis skal vi få alle norske elevar til å verta reelt tospråklege?
Eit svært aktuelt svar på spørsmålet frå Clemet er barnehagen, i så vel nynorsk – som bokmålskommunar. Og vi kan eller bør prøva å tilby dette svaret til kommunane! Målarbeid for dei aller minste: Samanhengen barnehage og skule. Oversyn over barnehagar i Agder

09.30

Kaffi på Storstoga på Ose

10.00

Innleiing v/Ingar Arnøy

11.00

Spørsmål og ordskifte

11.30

Gruppearbeid: Kva kan vi gjera i kommunen vår? Kva er stoda for barnehagane i kommunen vår? Kven kan me samarbeida med?

12.45

Oppsummering frå gruppearbeid

13.00

Nonsmat og slutt

Kulturkveld fredag: 150 kr (inkl. mat), 100 kr. for elevar/studentar
Deltakaravgift laurdag (inkl. nonsmaten): 100 kr. for elevar/studentar, 200 kr. for andre.
Overnatting kostar 350 kr per person i dobbeltrom/trimannsrom (Ose Turistheim), men du tingar overnattinga hjå skrivaren på Mållaga på Agder, tlf. 97064485.
Meld deg på innan onsdag 4. november til Borghild Løver, borghild.lover@nm.no, tlf. 97 06 44 85 (send gjerne ein sms). Du betaler kontant når du kjem, eller vi kan senda faktura.

Vi veit at kulturkvelden i årestoga er utruleg stemningsberande, og ikkje minst er det praktisk retta seminaret dagen etter særs engasjerande, og vonar du òg vil ta turen til Bygland!

Mållaga på Agder/Bygland Mållag

Ingar Arnøy er skulemålsskrivar i Noregs Mållag og den som kan mest om skulemål i heile landet. Han har ei rekkje praktiske tips å kome med under seminaret på Ose den 7. november.

Tidlegare seminar i Mållaga på Agder